Det var i perioden 17.april til 11. juni i år 30-åringen, som er son av ein lensmann i Fjordane, fekk jobbe som politijurist, utan at han hadde godkjent eksamen. Mannen skreiv ut både førelegg, tok ut siktingar og var i retten, før han tilslutt vart avslørt.
Og for at leiinga ved Fjordane Politidistrikt ikkje undersøkte dette nærare, vil statsadvokaten gi dei ei bot på 10.000 kroner. Også politimeister Bjørn Valvik og to av hans medarbeidarar har vore etterforska for grov uforstand i tenesta.
Politimeister Bjørn Valvik har ikkje bestemt seg for om han vil godta bota, men vedgår at denne saka har gitt dei ei ripe i lakken.