Hopp til innhold

Bossbil i full fyr

Ingen personar vart skadde då byrja å brenne i ein søppelbil på riksveg 15 ved Haugen vest for Nordfjordeid.

Det brann kraftig i ein søppelbil på Løkjaneset i Eid.

VIDEO: Brannmannskapet er i gang med sløkkinga.

Føraren var åleine i bilen, men rakk å komme seg ut då han oppdaga at bilen hadde teke fyr.

– Det er mistanke om sjølvtenning. Føraren fekk stoppa bilen og gjekk ut då han oppdaga brannen, skriv politiet på Twitter.

Jacob Bredesen var like ved då han brått høyrde eit smell.

– Eg kikka ut og såg ein bossbil i full fyr. Heile bakdelen brenn. Det ser ut som bilen har eksplodert og det brenn mykje. Det er også mykje røyk, fortel han.

Riksveg 15 ved Løkjaneset var stengd på grunn av bilbrannen, men no blir bilar sleppt forbi staden.

Brannen blei meldt i 13:30-tida og sløkkearbeidet held på enno.

– Det er krevjande å få kontroll på brannen fordi det også har starta å brenne i søppelet inni bilen. Difor er det vanskeleg for mannskapet å komme til, opplyser vaktleiar Oddbjørn Aune på Alarmsentralen i 14:30-tida.

Brann i bossbil
Foto: Jacob Bredesen