Hopp til innhold

Børge Brende (H) trur flyttinga av Fredskorpset kjem til å gå seg til

FØRDE (NRK): Utanriksminister Børge Brende (H) har trua på flyttinga av Fredskorpset til Førde, men understrekar at det kan bli krevjande.

Statsminister Erna Solberg i Kina

HAR TRUA: Børge Brende har trua på at flyttinga av Fredskorpset til Førde kjem til å gå seg til etter kvart.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Dei første åra kan kanskje bli litt tøffe, men eg trur også at over tid kan flyttinga bidra til auka interesse for Fredskorpset og deira arbeid.

Brende vitja Førde i valkampinnspurten i dag. Fredskorpset ligg under utanriksdepartementet, og som øvste leiar for det nytta Brende høvet til å seie nokre ord om det store flytteprosjektet.

– Det er viktig at ein held på den entusiasmen som er rundt flyttinga av Fredskorpset til Førde. Det er slik vi kan lukkast med etableringa her, sa utanriksministeren.

Les også: Flyttar fredskorpset frå Oslo til Førde

I Oslo har det vore ein del negative reaksjonar på flyttinga av Fredskorpset, ikkje minst blant dei som i dag er tilsett i hovudstaden. Brende trur det kjem til å gå seg til.

– Som miljøvernminister såg eg at det ikkje var grenser for kor mange åtvaringar det var mot å flytte polarinstituttet frå Oslo til Tromsø. Alle evalueringar i ettertid syner at det sjølvsagt er riktig å ha det i Tromsø.

Olve Grotle

HAR OGSÅ TRUA: Ordførar Olve Grotle (H) gler seg til flyttinga va Fredskorpset.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Førde kommune er i dialog med Fredskorpset

Ordførar i Førde Olve Grotle (H) fortel at kommunen gler seg til flyttinga av Fredskorpset, og at dei allereie er i gang med å hjelpe til med prosessen.

– Førde kommune er allereie i kontakt med Fredskorpset, og det er vi fordi vi vil få ein så god prosess som mogleg. Ikkje minst gjeld det i møte med dei som i dag er tilsett i fredskorpset.

Har de tenkt ut ei tomt eller eit lokale som kan vere aktuelt?

– Det er nok for tidleg, men det er klart at det blir viktig for Fredskorpset å skaffe seg godt egna lokale. Kanskje må dei første nytte seg av mellombelse lokale, for dei finn ut kor dei endar opp, seier ordføraren.

Meiner Sogn og Fjordane er godt egna

Børge Brende fortel at han har erfaring med Sogn og Fjordane frå tida si som generalsekretær i raudekrossen, og at han særleg kjenner til at frivilligheiten står sterkt her. Samstundes trur han ein aktør som Fredskorpset kan tilføre mykje nytt.

– Eg trur det er viktig å ha noko av internasjonal karakter i eit fylke som Sogn og Fjordane. Det er til dømes mange som tek internasjonalt retta studiar på høgskulen her.