Det seier leiar i fellesstyret for bondelaga i Stryn, Magne Garlid.
- Eg har tenkt på det mange gonger, at viss vi sluttar vil ikkje vi pusse og slå for at det skal sjå fint ut. Då plantar vi det til, og så er vi ferdige med det. Så kan dei som kjem etterpå hogge det ned om ein 60-70 år.
Lei av brotne lovnader
Både Magne Garlid og dei fem andre bondelagsleiarane i Stryn har fått nok av dårlege bod og brotne lovnader frå Staten, skriv Fjordingen. No har dei skrive brev til Fylkesmannen og bede om å få lov til å omdisponere den dyrka marka til å plante skog.
- Vi vil gi Staten beskjed om at vi ikkje kan finne oss i dette lenger. Vi set foten ned. Dei gir oss så dårleg tilbod i år at vi ikkje kan gå med på noko slikt. Det er eit skambod, seier Garlid.
Det er Staten sitt tilbod om ein auke på 100 millionar kroner i bondeoppgjeret som gjer bøndene frustrerte. Dei er lei manglande økonomiske løft og kjenner seg heilt overkøyrde. Den gjennomgåande trenden er at pengane skal gå til bønder med store areal andre stader i landet.
Vil ha løn for arbeidet
- Vi ønskjer å få ei akseptabel inntekt for det arbeidet vi gjør. Vi arbeider mykje meir enn andre i timar, og vi har mykje mindre igjen, seier strynebonden.
Dersom Fylkesmannen godkjenner søknaden, vil Garlid åleine stå klar til å plante gran på 65 mål dyrka mark eller tilsvarande ti fotballbaner alt før vinteren.