Sogn og Fjordane Energi (SFE) ville redusere frikrafta for fallrettane i Gjengedalsvassdraget, men grunneigaradvokat Endre Grande er godt nøgd med at frikrafta skal gjelde alle årets timar.
- Dei skal ha dekke full brukstid, og dei har fått gjennomslag for at dei skal få dekka nettleiga på den krafta, seier han.
Innbitt strid
29 bønder i Hyen har sidan 2002 kjempa ein innbitt strid med Sogn og Fjordane Energi om tolkinga av ein gamal frikraftavtale. Denne frikrafta er betaling for fallrettane i Gjengedalsvassdraget, som SFE etter vernevedtaket ikkje får byggje ut. Diskusjonane om brukstid på krafta går heilt attende til 1980-talet. Men det var fyrst i 2002 SFE kravde at dette berre skulle gjelde eit normalforbruk på kring 5000 timar i året.
Ikkje full siger
Men no er bøndene tilkjende avtalt straum for alle årets timar til ein samla verdi av kring 450.000 kroner etter dagens kraftprisar. Dommen er likevel ikkje ein fullstendig siger for Hyen-bøndene.
- Retten har ikkje gjeve oss medhald når det gjeld el-avgifta, så det er eit lite skår i gleda. Men samstundes er dette eit mindre beløp i året, seier Grande.
Partane må sjølve betale sine sakskostnadar. For bøndene sin del vil det seie kring 200.000 kroner.
SFE Skuffa
Produksjonsdirektør Ola Lingås i Sogn og Fjordane Energi seier at han er skuffa over dommen i Fjordane tingrett. Men han vil ikkje kommentere den nærare før han har fått drøfta saka med advokaten til selskapet.