Hopp til innhold

Bøndene kjempar for tunnel i Byrkjelo

BYRKJELO (NRK): Ny E39 gjennom Byrkjelo kan asfaltere fleire hundre mål med matjord. Sogn og Fjordane bondelag vil derfor ha stamvegen i tunnel, noko som kan koste fleire hundre millionar kroner ekstra.

Anders Felde

FRYKTAR FOR MATJORDA: Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag vil ha E39 gjennom Byrkjelo i tunnel.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi får ein prøveklut på om samfunnet er villige til å betale det som skal til når ein skal få ned omdisponering av dyrka jord.

Det seier Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane bondelag. Han er interessert i å vise kor mykje det vil koste å halde vegen unna matjorda.

– Vi er oppteke av å synleggjere kostnadane, også må politikarane bestemme om det er verdt å bruke så mykje pengar på å unngå å bygge ned dyrka jord.

Vil kjempe for smalare veg

Stamvegen gjennom vestlandet skal bli ferjefri, og trafikken er venta å auke. Om nokre år må det byggast ny veg via Byrkjelo. Den blir 12,5 meter brei, og kjem i tillegg til hovudvegen som ligg der i dag. Bøndene fryktar for matjorda, og vil ha vegen gjennom tunnel, oppe i dalsida. Felde seier at kravet er tunnel, eller at ein let vere å bygge bred europaveg.

– Om dei vel å gå i tunnel, kan vi gå med på den høgste vegstandaren. Men vel dei å ta dyrka jord kjem vi til å kjempe for å få standarden så låg som mogleg, og vegen så smal som mogleg.

Regjeringa lovar ingenting

Framover skal Statens vegvesen planlegge ny E39 gjennom Nordfjord. Då vil ein få vite kva dei ulike traseane gjennom Byrkjelo fram til tunnelopninga under Utvikfjellet vil koste, og kva prislappen på matjorda faktisk kan bli. På Stortinget meiner Frp sin samferdselspolitiske talsperson Åse Michaelsen at omsyna må balanserast. Samstundes kan ho ikkje love noko til bondelaget.

– Vi er oppteke av kortreist mat og kvalitet, og grunneigar skal kompenserast på eit rett nivå. Tidlegare har man ofte fått ein slikk og ingenting per kvadratmeter jord. Vi er oppteke av at du faktisk får dekka ein pris som svarar til det marknaden ville gitt, fortel Michaelsen.

Fylkesleiar i Frp Lars Svein Drabløs støttar derimot bøndene sitt krav om dyrare E39 for å skåne matjorda.

– Det er ein av dei største jordbruksbygdene vi har. Det eksisterer andre traseval, og då bør det prioriterast, fortel Drabløs.

Lars Svein Drabløs med Frp-logo

STØTTAR BØNDENE: Fylkesleiar i Frp Lars Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har for lite mat i verda

Sogn og Fjordane bondelag er klare i si sak. Anders Felde seier at enten går vegen utanom dyrka mark, elles kan ein gløyme brei europaveg igjennom Byrkjelo.

– Det kan ein gjerne bli provosert over, men vi har for lite mat i verda. Då må samfunnet, det offentlege, kommunane, vegvesenet og fylket tenke annleis. For kvar dekar vi tek bort, blir det mindre mat til verda, seier Felde.