Bøndene krev 1,8 milliardar i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane krev 1.830 millionar kroner i jordbruksoppgjeret i år. Ein stor del av beløpet skal dekke auka kostnader.

Bonde i arbeid.

VIL HA MEIR: Bøndene krev 25.000 kroner meir til kvar norsk bonde.

Foto: Åserud, Lise / Åserud, Lise

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverer sine krav til landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) klokka 11.

Av den totale ramma utgjer 1.462 millionar kroner budsjettoverføringar, mens auka målprisar utgjer 198 millionar kroner.

Vil gje auke på 25.000 kroner

1.415 millionar kroner skal dekke opp for ein berekna kostnadsvekst. Kravet vil gi ein inntektsauke på 25.300 kroner.

– Såpass må det faktisk vere for at vi skal byrje å ta igjen andre grupper i høve inntekt. Det er eit krav som gjenspeglar at det har vore store kostnader og stor kostnadsutvikling i landbruket det siste året, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

– Har du tru på at de får igjennom desse krava?

Vi legg fram dette fordi vi har tenkt å få dette igjennom. Så veit vi erfaringsmessig at det er å gi og ta, så eg vil ikkje spekulere i kor mykje vi får gjennomslag for.

Vil ha tilskot til tungdrevne gardar

Blant konkrete krav er å innføre eit driftsvansketilskot for vanskeleg tilgjengelege jordlappar og eit nytt tilskot for små og mellomstore mjølkebruk. Dette utgjer halvparten av dei norske mjølkebruka.

Bøndene vil også ha verkemiddel for å fornye driftsapparatet for små og mellomstore gardar. Samtidig ønsker organisasjonane at det blir sett eit øvre tak på husdyrtilskot og arealtilskot.

Vidare vil bondeorganisasjonane ha tiltak som stimulerer til auka produksjon av korn, poteter, grønsaker, frukt og bær, og økologiske produkt.