Hopp til innhold

Bølgjene kan bli ni meter høge

– Lat båten ligge. Fest alt som kan reise med vinden. Det er oppmodinga frå både Redningsselskapet og meteorologane.

Orkan ved Kråkenes

KRÅKENES: Ytre delar av Nordfjord, som her ved Kråkenes, er ikkje ukjende med vind og høge bølgjer.

Foto: Torfinn Kråkenes

Det er venta full storm langs vestlandskysten. Og sterk storm ved Stad. Toppen er venta å nå Vestlandet i 13-14-tida og vil først byrje å roe seg i 19–20 tida i kveld.

I skrivande stund bles det sterk kuling langs heile kysten av Sogn og Fjordane.

– Dei siste køyringane viser at bølgjene kan bli sju til ni meter utanfor Stad. Men bølgjene kjem først ei tid etter vinden. Det vil nok auke jamt og trutt framover mot kvelden, seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

– La båten liggje

Slike vêrmeldingar gjer sals- og marknadsansvarleg Martin Malkenes i Redningsselskapet Sogn og Fjordane litt uroleg. Også for dei som ferdast langs vegen.

Martin Malkenes

LA STÅ: Martin Malkenes i redningsselskapet.

Foto: Privat

Sjølv om han har inntrykk av at folk stort sett er flinke til å bruke vit når det bles opp.

– Når det blir meldt så sterk vind og vanskelege køyreforhold til fjells og på sjøen, så er det klart at folk må ta forholdsreglar. Om det er noko ein skulle sjekka med båten eller hytta, så kan ein vente eitt par dagar til. Det er ikkje verdt å ta sjansen, seier han.

Hardast i Sogn og Fjordane

Denne skepsisen deler også meteorolog Opstad Strand. Også lenger inne i landet kan ein risikere at vindkast slår ned frå fjellet.

– Småbåtar toler ikkje så mykje. Ein bør heller forankre båtane godt. Og ikkje ha ting som kan reise med vinden liggande laust, seier ho.

Stormen vil, som orkanen Dagmar gjorde, endå ein gong treffe hardast langs kysten av Sogn og Fjordane.

– Men styrken no kan på ingen måte målast med den, seier Opstad Strand og legg til at Rogaland ser ut til å sleppe billegast unna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storm på veg mot Sogn og Fjordane

PÅ VEG: Stormen er byrja å feste grep om vestlandskysten.

Foto: Meteorologisk institutt

Kystparalell vind

– Det blir heldigvis, får ein seie, ein kystparalell vind, som kjem i sørleg retning. Det gjer at det blir kysten og fjellstroka som får det mest, seier meteorologen og legg til at vinden truleg vil ligge på stiv kuling lenger inne i fylket.

Vinden vil frå 19–20 tida dreia austover, men vil då også roe seg.

– Blir friskare

Malkenes har kontor i Florø og merkar i 11-tida at det er byrja å bli noko friskare i vindkasta.

Spesielt dei med mindre fritidsbåtar bør ha vêret i tankane i dag. Og i Flora er det fleire som har teke båt frå øyane til jobb på fastlandet.

– No er rett nok Florabassenget noko skjult, men på meir opne område så kan både det eine og det andre riste laus i båten. For det er ikkje berre bølgjene som kan vere farlege. Har ein rusk i dieseltanken, så blir det lett rista laus i slikt vêr, legg han til.

Vind og bøgjer i Holvik

BLES OPP: Biletet syner Holvik i Vågsøy ved lunsjtider måndag.

Foto: Bjarne Eldevik