Hopp til innhold

Her kjem stormen sigande

Det er berre å bu seg på haustens til no sterkaste storm. Og det skjer raskt.

Storm på veg mot kysten

STORM: Satelittbilete viser stormsenteret like vest for Island, og fronten som no har nådd norskekysten.

Foto: Meteorologisk institutt

For i løpet av dei neste timane vil vinden auke frå stiv kuling til full storm langs kysten.

Om ein ser vekk frå Stad.

– Ved Stad kan den komme opp i sterk storm, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Stormsenter

Sterk storm tilsvarar vindstyrke 11, eller ein vind på 103-117 kilometer i timen.

– I fjellet er det venta liten storm, kanskje kortvarig full storm. Der det er laussnø kan det fort bli snøfokk på vegane og vanskelege køyreforhold, legg Livik til. Det gjer spesielt Vikafjellet utsett.

Årsaka er eit stormsenter som no ligg like vest for Island. Fronten til denne er på veg innover vestlandskysten og fører i tillegg til kraftig vind med seg ein god del nedbør.

– Det er ikkje enorme mengder, men ein vil merke det godt på kysten, seier Livik.

Sørleg vind

– Den nærmar seg fort og vil komme inn til kysten tidleg føremiddag, før den går gradvis austover, legg han til.

Vinden vil også merkast i låglandet og ein del stadar innover i fylket.

– Det er sørleg vind som er veldig sterk. Den vil merkast godt på kysten, men elles blir det avhengig av kor utsett ein er for vindretningen, seier meteorologen.

Utrygt for torden

Vinden vil vere på det sterkaste i ettermiddag. Til kvelden dreiar den sørvest og blir til stiv kuling.

– Men ved Stad vil den nok henge att som sterk kuling frå i kveld. Då går det over til regnbyger, seier Livik og legg til at det tysdag blir vest til sørvest stiv kuling. Ved Stad opp til liten storm.

– Nedbøren kjem som regn eller hagl, med ei snøgrense på 4-600 meter. Det blir uttrygt for torden, avsluttar Livik.