Hopp til innhold

I tjue år har bøkene halde liv i ei lita vestlandsgrend

FJÆRLAND (NRK): Bokbyen i Fjærland har halde det gåande i tjue år. Kanskje ville ikkje den vesle bygda klart seg utan litteraturen, men no opplever dei tilflytting og store barnekull.

Bokbyen Fjærland

BOKBY I OVER 20 ÅR: Og bøkene i Fjærland held framleis stand.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi hadde fått tunnelane, og måtte vi finne på noko her i Mundal som kunne dra folk ut hit.

Barbra Vangsnes driv bokkafe i Mundal i Fjærland. Ho har vore med heilt sidan bokbyen starta i 1995.

Barbra Vangsnes

MED FRÅ STARTEN: Barbra Vangsnes har vore med på heile reisa til bokbyen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Nokon hadde vore i den første bokbyen, som vart starta i Wales. Dette kunne vere ein ide for Fjærland, for her hadde vi mange gamle og tomme hus. Vi begynte å jobbe med det, og sidan har det berre halde fram.

4 kilometer med bøker

Randi Finne er bokansvarleg for bokbyen i Fjærland. Det er ikkje reint få bøker ho må halde styr på.

– Vi har ca. 150.000 bøker. Dersom du set det opp i ei lang bokhylle bortover vil de gi deg ca. 4 kilometer med bøker.

Ho meiner det store talet på bøker gir Fjærland noko ekstra.

– Det er spesielt, og det set eit preg på Fjærland. Her er ikkje så mange andre butikkar, men bøker er det overalt.

– Gav nytt liv til Fjærland

Finne fortel at bokbyen gjorde noko med staden, og mange tidlegare fråflytta bygg er i dag fulle av bøker.

– Også i Fjærland vart tidene fornya. Det vart ein del funksjonar som ikkje lenger var i bruk. Som biblioteket, legekontor og bank.

Randi Finne

BOKANSVARLEG: Randi Finne har nok bøker å halde styr på.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Men ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko. For dei tomme bygga la grunnlaget for det som i dag er Noregs bokby.

– Det førte til fleire tomme bygg, det huset vi står i no var det gamle venterommet til ferja, då den gjekk. Bokbyen handlar mykje om gjenbruk, både av bøker og bygg, seier Finne.

– Har redda lokalsamfunnet

I eit av bokutsala står ein lokal ungdom. Anita Bøyum er like glad i bokbyen som resten av bygda.

– Eg elskar det. Eg har jobba her i 6 år, og kjem til å halde fram så lenge dei vil ha meg, ler Bøyum.

Anita Bøyum

STOLT AV BYGDA: Lokale Anita Bøyum har jobba i bokbyen i fleire år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ho trur bokbyen har vore avgjerande for at bygda framleis held det gåande.

– Eg trur absolutt at den har mykje å seie for at hotella og butikken klarar å overleve. Det er fantastisk nydeleg her, eg skryt over bygda uansett kor eg reise.

20 år sidan bokbyen opna kan man altså slå fast at den har vore ein suksess i Fjærland, nett som Barbara Vangsnes og dei andre initiativtakarane drøymde om.

– Vi skulle heller ikkje bli alt for store turistmagnetar, men akkurat passe. Vi ville ikkje ha det slik som dei har inne i Flåm, fortel initiativtakaren.