NRK Meny
Normal

Bobby Bare til Breim

Den verdskjende amerikanske songaren Bobby Bare vert det store trekkplasteret på årets countrytreff på Breim 13.-16. juli.

Bobby Bare
Foto: Norsk Country Treff

Bobby Bare var den første større internasjonale artisten som vitja Norsk Country Treff alt i 1995.

Han har nyleg gjeve ut si første plate på 22 år. Plata har fått gode kritikkar.

Fredagskvelden står country-rocken sentralt med først 'Too Fare Gone' og deretter Vassendutane frå Ørsta, som avsluttar festen med stort show. Vassendgutane har også vore på Breim tidlegare.

Nytt av året er ein konsert i Breimshallen med Bjøro Håland fredag kveld.

På plakaten i år står også kjende namn som blant andre Steinar Engelbrektson Band, G. Thomas og Big Bull Band.

 

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast