NRK Meny
Normal

Blir første herrespelar frå fylket i eliten

Preben Indrebø blir den første mannlege eliteseriespelaren i handball frå fylket. Frå august skal han spele på Halden elite.

Preben Indrebø på veg mot mål for Gloppen handballklubb.

FØRSTEMANN: Går alt etter planen for Preben Indrebø blir førdianaren første mannlege eliteseriespelar frå fylket.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

– Det blir ufattelege spanande. Det gir ein ekstra motivasjon for vidare trening. Blir fantastisk treningskvardag, akkurat det eg er ute etter, seier Preben Indrebø.

No spelar han strek på Gloppen handballklubb sitt lag i 3. divisjon, men som seriemeistrar spelar han og laget om opprykk. Skulle det skje blir det uansett utan Indrebø, for frå august blir han å finne i Haldendrakt. Den nye klubben har eit lag i eliteserien og eit andrelag i 2. divisjon.

– Eg skal få prøve meg i eliteserien om eg leverer, og så får eg fast speletid på andrelaget, fortel førdianaren med stor iver.

Trening, kvile og mat

Til vanleg er han elev på toppidrett handballsatsing ve Firda vidaregåande skule. Og medan resten av kullet brukar maidagane til russefeiring ladar han opp til opprykkskamp og den nye treningskvardagen. Sjølv om mykje av tida allereie i dag går med til handball trur han overgangen blir stor.

– Det blir definitivt ei stor utfordring, men eg føler eg har treningsiveren som skal til for å kunne ta nivået. Eg var på prøvespel i klubben for ei stund sidan, og då kjende eg at nivået er innan rekkevidd, fortel 19-åringen.

Lovord frå trenaren

Og nettopp treningsviljen er noko av det GHK-trenar Daniel Dammyr trekk fram hjå strekspelaren.

– Han tek trening på alvor og prioriterer riktig. Som spelar er han høg, og har god speleforståing, og han kan spele både forsvar og angrep.

Daniel Jacobsen Dammyr peikar og forklarer

TRENAR: Daniel Dammyr frå Halden trenar Preben Indrebø både i skuletida og på laget til Gloppen handballklubb. – Han er ein seriøs idrettsutøvar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dammyr er sjølv frå Halden, og innrømmer at han har hatt ein finger med i koplinga mellom Indrebø og eliteserieklubben. Laget kom på 5. plass i eliteserien denne sesongen, og Dammyr trur strekspelaren kan gjere det bra der når han får litt tid på seg.

– Foreløpig har han nokre fysiske manglar når det gjeld styrke, men det vil kome når han kjem inn i eit betre treningsmiljø.

19-åringen trur det blir tøft å levere på topp kvar einaste økt, kvar dag. Så han bur seg allereie på å klare å stå på vidare når det buttar i mot. Han ser fram til å ta til på eit eventyr, som han her i fylket er ganske åleine om, enn så lenge.

– Det er ein del gode spelarar her, men det er ikkje så enkelt å få til topputvikling her. Det er for få som verkeleg vil satse. Ein må ut av fylket, det er ikkje bra, men slik er det, sigre Indrebø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå