Hopp til innhold

Bli med på krabbefangst i haustsola

Vi var med den 70 år gamle skipperen Knut Magnus Landøy frå Herland.

Vi var med den 70 år gamle skipperen Knut Magnus Landøy frå Herland, på krabbefiske.

SJÅ VIDEO: Vi vart med Knut Magnus Landøy frå Herland ut på krabbefiske. (Foto: Stian Sjursen Takle)

Knut Magnus elskar slike dagar.

Båten glir fint ut frå Herland og no er den ute på havet, på ein skyfri oktober-føremiddag. Fiskaren Knut Magnus Landøy frå Herland er på veg ut for å hente fjorten krabbeteiner, på vestsida av Tviberget.

– Eg byrja saman med Far då eg var fjorten år, ute med Moldøya, Rugstein og Røringa. Så vi skal prøve oss der ute i kveld, seier 70 år gamle Landøy.

– Veit aldri kva ein får

Knut Magnus er erfaren på sjøen, men når han skal ut å hente opp teinene er det aldri godt å vite kva ein får sjå.

– Det er det som er spennande med teinene, kvar dag. Ein veit aldri kva ein får. Første gong vi dro på måndag fekk vi seks hummer og mange krabber. Men kva som skjer i dag, det veit ingen, seier han.

Akkurat no er det lov å fiske hummer, og i båten til Knut Magnus luktar det agn.

– Hummeren liker ikkje surt agn, og krabba liker best ferskt agn. Så det er for å unngå litt krabbe, for i kveld går vi for hummer.

God fangst

Den første teina er på veg ombord i båten, medan haustsola varmar.

– Eg har aldri hatt det betre enn no, seier Knut Magnus.

Der er nokre få krabber i den første.

– Det er ikkje den store fangsten. Men vi har jo fleire, det er håp i hengande snøre, seier Knut Magnus.

Men i den neste er det yrande krabbeliv – og ein liten torsk som har forvilla seg inn i teina.

– Her var i alle fall god krabbefangst, så får vi sjå med hummeren, seier Knut Magnus, som skal vente spent på hummerfangsten torsdag morgon.

Og for dei som lurte: krabbene vart kokte ute i godt salta vatn, i 20 minutt.