NRK Meny
Normal

Bli med å prøvekøyre nye E39

SANDE (NRK): Neste sommar får reisande mellom Førde og Bergen ei heilt anna oppleving av å køyre gjennom Gaular. Allereie no kan du vere med å prøvekøyre vegen.

Vi har fått prøvekøyre deler av nye E39 gjennom Gaular.

NYE E39: Det er ei stund til den nye vegen opnar, men her kan du vere med NRK som har fått prøvekøyre den nye traseen forbi Sande. I videoen startar køyreturen like nordvest for Sande sentrum og går vidare til Birkeland sør om Sande. (Foto/redigering: Oddleif Løset).

Ei av strekningane som har blitt trekt fram blant dei verste på E39 i Sogn og Fjordane er vegen langs Dregebøvatnet og Økslandsvatnet mellom Vadheim og Sande. Vegen her er smal og har dårleg bereevne, og langs Økslandsvatnet er det i tillegg rasfare.

Men det er betring i vente. Utbetring og rassikring er på gang, og det blir i tillegg bygd tunnel langs Økslandsvatnet.

Også forbi Sande har vegen i dag svært dårleg standard, noko som passar dårleg med stor gjennomgangstrafikk. Tal frå Vegvesenet viser at det kvar dag er i snitt 2500 bilar som køyrer på E39 gjennom Gaular.

Prosjektleiar Svein Reidar Dale og byggjeleiar Jon Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen er stolte over nye E39 gjennom Gaular.

STOLTE: Vegvesenet er stolte over nye E39 gjennom Gaular som sommaren neste år står klar. Her får du vere med frå tunnelen ved Økslandsvatnet i sør og nordover mot Sande.

Åtte kilometer ny veg

Nye E39 gjennom Gaular betyr ikkje berre ny og betre veg, men også innkorting av strekninga. Når prosjektet står ferdig neste sommar kan du som bilist nyte godt av over åtte kilometer med ny veg og 800 meter med tunnel. Prosjektet er kostnadsrekna til 687 millionar kroner i 2016 kroner.

Mykje av arbeidet med nye E39 har skjedd utan at reisande har fått det med seg. Men mange har også ergra seg over vegstengingar, den seinare perioden har det vore stengingar med lysregulering fleire plassar på strekninga.

Det må folk bu seg på heilt fram til sommaren neste år. Utover hausten vil vegen litt etter litt kome på plass, men per no er det til dømes ikkje på plass tryggleikstiltak som autovern. I tunnelane skal det også gjerast ein del elektroarbeid utover vinteren.

Sandafossen bru

SANDAFOSSEN BRU: Her har det gått med 170 lass med betong. Brua vart støypt på berre 32 timar. Fire skift, kvar med ti personar, arbeidde då med brua kontinuerleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lettare å jobbe med ny trase

Prosjektleiar Svein Reidar Dale, seier det at ein del av vegen går i ein ny trase har letta arbeidet.

– Når du har ein parsell som stort sett går i jomfrueleg terreng, er det lettare å drive for entreprenøren, utan tvil.

– Dei kan bruke anna type utstyr, får betre framdrift, og det blir ein enklare måte å jobbe på, seier Dale og legg ikkje skjul på at det har vore krevjande å gjere endringar på eksisterande veg.

Økslandstunnelen

800 METER: Økslandstunnelen skal sikre bilistane ein trygg veg forbi den mest rasfarlege delen av strekninga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Måtte rassikre først

Også arbeidet med tunnelen langs Økslandsvatnet vart krevjande. Her måtte dei rassikre fjellsida før dei starta tunnelbygginga.

Portalen på nordsida av tunnelen er 55 meter lang, og det er gjort eit imponerande arbeid med stabling av stein. Til saman er det brukt kring 300 kvadrat med naturstein.

– Sommaren 2013 sikra vi fjellsida slik at det ikkje var lause steinar som var til fare for dei som skulle byggje her. Vi sette også opp fanggjerde på begge sider av tunnelen for at det skal vere trygt, seier Dale.

Også arbeidet med Løfallselva bru viste seg å bli meir komplisert og dyrare enn venta, mellom anna fordi grunnen var blautare enn dei trudde. Sjølv om brubygginga vart forseinka skal det ikkje påverke framdrifta i prosjektet, seier Dale.

Prosjektleiar Svein Reidar Dale og byggjeleiar Jon Bjarne Thorsnes

NØGDE: Framdrifta med nye E39 går som den skal og kostnadsramma ser ut til å halde, konstaterer prosjektleiar Svein Reidar Dale og byggjeleiar Jon Bjarne Thorsnes.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.