Dette kan ikkje vere meininga, seier drosjesjåfør Svein Sunde. - Krysset er jo til for å gjere det tryggare i trafikken, men etter mi erfaring er det motsatt om natta no, seier han.
Spesielt i helga
Drosjesjåførar høyrer ikkje til trafikantane som oftast ytrar misnøye med grønt lys. Men i Førde, der ein dessutan finn alle Sogn og Fjordane sine tre lyskryss, er også det mogleg.
Det er lysreguleringa ved den siste tilveksten til kjøpesenterskogen i handelsstaden Førde som skaper farar for dei gåande. Og særskilt er det dei med meir eller mindre ustø gange på nattetid som risikerer å hamne i skuggen av grønlyset, seier Svein Sunde. - Spesielt på fredag og laurdag natt ruslar dei i vegen. I helga som var, var det berre flaks at det ikkje skjedde noko. Då såg sjåføren berre ein skugge av ein person i vegbana, seier han.
Lengre levetid
Hjå Statens Vegvesen er dei kjende med problemet, og forklaringa er forståeleg nok. Dei nye lysa er utstyrte med sterkare pærer. Men desse har lenger levetid og vegvesenet vil difor gjerne behalde dei, seier distriktssjef Oddvin Ylvisaker. - Vi vil gjerne prøve dette litt framover. Same diskusjon er i både Oslo og Bergen, seier han.