NRK Meny
Normal

Bitcoinvekslar saksøkjer Nordea

Kripos meiner ein av Norges største bitcoinvekslarar er blitt brukt av kriminelle. Nordea avslutta kundeforholdet med mannen, som har saksøkt banken.

bitcoin on keyboard

BITCOIN: Ein bitcoin er ein digital valuta, som no også finnast i fysisk form.

Foto: CHARNSITR

Sturle Sunde frå Florø har drive med kjøp og sal av bitcoin i mange år. Han er no ein av Norges største vekslarar av bitcoin, viser ei oversikt frå Kripos.

Sturle Sunde

SLUTTA: Sturle Sunde sa opp jobben som IT-konsulent for å kjøpe og selje digitale myntar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ifølgje Nordea har det i år vore opptil 1.400 transaksjonar i månaden gjennom kontoen hans, som alle gjeld kjøp og sal av bitcoin, skriv Dagens Næringsliv.

I haust avslutta banken kundeforholdet på grunn av risiko for kvitvasking og terrorfinansiering. Sunde har saksøkt Nordea med krav om at banken må gjenopne kontoen hans.

Ifølgje banken, som viser til etterforsking gjort av Kripos, har han blitt brukt som vekslingsteneste i transaksjonar mellom kriminelle ved kjøp av narkotika. Banken viser også til opplysningar frå politiet om at han ikkje krev at bitcoinkundane må identifisere seg.

– Det er politiet sin jobb å etterforske om det skjer noko kriminelt. Det er ikkje min jobb å finne ut om folk kjøper narkotika eller ikkje, meiner han.

Sunde seier at han ikkje var klar over at han vart brukt som mellommann av narkotikakriminelle før han vart kontakta av Kripos om forholdet. Han er heller ikkje særskilt glad for å ha veksla bitcoin for kriminelle.

– Det likar eg svært dårleg, og eg skjønar ikkje at folk gjer det. Det har spreidd seg ein myte om at bitcoin er anonymt, men det er det ikkje. Har du tenkt å skjule ei overføring, er bitcoin ein veldig dum måte å gjere det på. Då kan du heller sende kontantar i posten, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.