Hopp til innhold

Bilbrann på Svidalsneset i Jølster sløkt

To personar vart sende til helsesjekk etter ein bilbrann ved Svidalsneset i Jølster torsdag kveld.

Bilbrann på Svidalsneset

– Brannen skal no vere sløkt, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Birkeland til NRK om lag klokka 22.15 torsdag kveld.

Han fortel at det var flammar, men at brannen etter kvart roa seg av seg sjølv. Dei to passasjerane er tatt hand om av helsepersonell.

– Det skal ikkje vere snakk om personskadar, men dei to som sat i bilen vert undersøkte for å sjekke om dei kan ha fått i seg giftig røyk, seier Birkeland.