Hopp til innhold

Bil med to personar har køyrt i Jølstravatnet

Klokka 15.45 laurdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil har køyrt i Jølstravatnet på fylkesveg 451 på sørsida av vatnet.

Billulukke ved Årneset i Jølster

HAMNA I JØLSTRAVATNET: Dei to som var i bilen skal ha kome uskadde frå hendinga, opplyser politiet.

Foto: Magnus Reite-Bjellaas

– Den første meldinga vi fekk var dramatisk, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Vest Politidistrikt.

Ein anna bilist hadde sett bilen som låg i vatnet ved Årneset, og melde frå til politiet med ein gong. Også brannvesen og AMK vart varsla og sende ut mannskap.

– Like etter melde bilføraren seg og kunne fortelje at han og passasjeren, som hadde vore med i bilen, hadde kome seg ut, seier Rebnor.

Dei to skal etter alt å døme ha kome uskadde frå hendinga, og politiet kunne dermed avlyse luftambulansen og redningsdykkarane frå Bergen som var i ferd med å verte sende ut.

– Vi kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka ut over at bilen med dei to har vore på veg frå Førde og austover, og at føraren på eit tidspunkt har mist kontroll over bilen, seier Rebnor.