Hopp til innhold

Bil køyrde i fjellveggen

To personar er sendt til legevakt etter at ein bil køyrde inn i fjellveggen i Fodnestunnelen i Lærdal.

Trafikkulukke

FODNESTUNNELEN: Ulukka skjedde i Fodnestunnelen på rv. 5.

Foto: ODDVAR VIGDAL

– To personar blir teke hand om av helsepersonell og er sendt legevakt for sjekk, seier vaktleiar ved Alarmsentralen, Terje Birkeland.

Tunnelen var stengt i nær ein time etter ulukka, men er no open for trafikk att. Det var lang kø i begge retningar på rv.5, noko som gjorde at ferjesambandet Fodnes-Mannhellar sleit med å sleppe av passasjerar på Fodnes.

Politiet skriv på Twitter at dei vil opprette sak på ulukka.

Trafikkulukke

KØ: Det var kø i begge retning på rv. 5 i Sogn etter ulukka.

Foto: ODDVAR VIGDAL
Laster Twitter-innhold