Hopp til innhold

Bil gjekk rundt og hamna på taket

Ein personbil skal ha hamna på taket på veg til på Holsbru Fylkesveg 53 i Årdal. Det skal vera veldig glatt i vegbana og naudetatane er på veg.

Bil på taket

– Det er så glatt på staden at det har blitt sagt at ein slit med å stå i vegbana. Statens vegvesen er varsla, og sender ut folk for å strø, seier Espen Gulliksen, operasjonsleiar på politiet sin operasjonssentral i Florø.

Det var to personar i bilen og det er ikkje meldt om personskade. Trafikkuhellet fører til noko trafikale problem og større køyretøy vil ha vanskar med å passera. Mellom anna skal ein buss ha kome til staden og den sperrer delar av vegen.