Ein 79 år gammal mann hadde flaks og kom frå det med lettare skader etter eit trafikkuhell på riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden i føremiddag.
Mannen har køyrt utfor vegen i ei slak venstrekurve på veg ned frå Fjærlandstunnelen mot Kjøsnesfjorden. Bilen flaug gjennom lufta og over eit bekkefar før han landa i grøfta. Det er førebels ikkje klart kva som var årsaka til at mannen køyrde av vegen.