Hopp til innhold

27 av 550 køyretøy hadde manglar - bilparken er blitt betre, meiner politiet

Over 550 køyretøy er kontrollerte av politiet og Statens vegvesen i dag, berre 27 hadde manglar. – Bilparken er blitt betre, seier lensmann i Jølster.

Politikontroll Høyanger

STORKONTROLL: Årleg gjennomfører politiet storkontrollar for å sjekke tilstanden på køyretøy og om førarane har alt i orden. Biletet er frå ein tidlegare trafikkontroll.

Foto: Birger Meland

– Vi fekk stogga ein vi mistenkjer for køyring i rusa tilstand. Det er greitt å luke slike ut av trafikken. Ser ein på bilparken, så er mitt inntrykk at den generelt er bra, seier Knut Skurtveit som er lensmann i Jølster.

Saman med Statens vegvesen gjennomførte politiet i dag storkontroll av køyretøy, der dei sjekka dekk, lys, teknisk tilstand, dokument og promille.

På Svidalsneset i Jølster, Langeland i Gaular og på Grov i Florø vart 557 førarar og køyretøy undersøkte, og 27 av desse hadde større feil eller manglar.

– Det er mange nye bilar ute på vegane, men vi ser at nokre køyrer med slitne vinterdekk som er på grensa i mønsterdjupn, fortel lensmannen.

Åtte bilistar fekk mangellapp om utbetringar som må gjerast på køyretøyet. To bilførarar fekk gebyr på 750 kroner per dekk for mønsterdjupn under lovleg grense.

– For nokre år sidan var det mykje meir feil og manglar på bilane. Når Biltilsynet no har obligatoriske kontrollar på bilane annakvart år, så er det færre manglar, seier Skurtveit.

Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

BETRE NO ENN FØR: Mange nye bilar og pålagde kontrollar gjer at bilparken er betre no enn for nokre år sidan, meiner lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mannen som politiet mistenkjer køyrde med promille måtte levere blodprøve, og førarkortet vart inndrege. I Florø fekk ein person bot for bruk av mobiltelefon under køyring.

Gløymer å ta med førarkortet

Politiet sjekka også om førarane hadde vogn- og førarkort med seg, noko fjorten personar ikkje hadde.

– Det er mange som gløymer seg, og ikkje har førarkortet med. Då må dei ut med 500 kroner i gebyr, seier politibetent ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Tone Stien.

Under kontrollen ho var med på Langeland stogga dei også ein bil som ikkje var forsikra.

– Vi trur vel kanskje at føraren bevisst har unnlate å betale forsikringa i dette tilfellet. Han må betale den for å få skilta tilbake frå Biltilsynet, seier Stien.

– Det er viktig at vi er ute på vegane og sjekkar lys og dekk, for sjølv om det stort sett er bra, så er det ein del bilførarar som tøyer grensene litt, seier Skurtveit.