Hopp til innhold

Må betale 40.000 etter kort biltur

Køyreturen på vel 500 meter vart særs dyr etter at politiet stogga sunnfjordingen. Han hadde nemleg promille.

Fjordane tingrett 5

PROMILLE: Mannen i 50-åra tilstod promillekøyringa utan atterhald då han møtte i Fjordane tingrett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein føremiddag i starten av desember stogga politiet ein sunnfjording i 50-åra i ein rutinemessig trafikkontroll. Mannen vart raskt teken med til lege.

Politiet fekk nemleg utslag på promille på sine apparat, og blodprøva teken kort tid etter at mannen vart stogga viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,73 i promille.

Mannen er ikkje tidlegare straffa for promillekøyring, og tilstod utan atterhald då saka gjekk for Fjordane tingrett.

Av dommen går det fram at bilturen var på vel 500 meter før politiet stogga bilen. Det skal ikkje ha oppstått trafikkfarlege situasjonar i løpet av turen, utover den fare som promillekøyring i seg sjølv medfører, står det vidare.

Retten har dømd mannen til fengsel i 18 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år. Han må betale 40.000 kroner i bot, og vere utan førarkort i 15 månader.