Hopp til innhold

Skremd over at mange unge mistar lappen

– Det er svært urovekkjande at så mange unge køyrer så fort at dei mister førarkortet, meiner Trygg Trafikk.

Trafikkontroll og Audun Heggestad

UROA: Audun Heggestad i Trygg Trafikk likar ikkje at så mange køyrer altfor fort.

Foto: NRK

NRK Vestlandsrevyen kunne torsdag fortelje at 40 prosent av alle som blir tekne i trafikkontroll i Sogn og Fjordane, er unge menn.

Ofte er det også dei som mistar lappen på grunn av altfor høg fart, og det gir grunn til uro, seier Audun Heggestad som er distriktsleiar i Trygg Trafikk.

– Vi er uroa for at så mange 18- og 19-åringar køyrer slik at dei mister førarkortet. Vi veit også at ein 18-åring i trafikken har nesten 40 gonger større risiko enn ein 40-åring, seier han.

Må inn i ungdomsmiljøa

Han er uroa for dei nye tala frå Utrykkingspolitiet. Sidan januar har politiet beslaglagt heile 186 førarkort i Sogn og Fjordane og Hordaland. Dette er ei stor auke frå i fjor. Ofte er det unge menn som blir tekne i kontrollane.

– Det er fint at politiet har mange kontrollar slik at dei tek fartssyndarane. Inndraging av førarkort verkar mykje meir enn eit forenkla førelegg. Men det må også inn med andre tiltak. Det er viktig å ta tak i dei miljøa der det blir køyrt fort.

– Kvifor køyrer så mange unge altfor fort?

– Det er nok at dei ikkje veit betre. Ein del unge bilførarar har også veldig stor tru på eigne ferdigheiter. I enkelte miljø er det også tøft å køyre fort. Ein del unge gutar forstår heller konsekvensane før dei nærmar seg 24 år.

(Artikkelen held fram under biletet)

Talet på bilførarar som må levere frå seg førarkortet på grunn av høg fart aukar. I dei fem første månadene i år tok politiet hand om 186 førarkort i UP-distrikt Vestlandet.

PÅ POST: Utrykkingspolitiet tek stadig fleire råkøyrarar i trafikken. Dei er uroa over at så mange unge gutar mistar lappen.

Ni av ti er menn

I Sogn og Fjordane er ni av 10 av de som blir tatt i fartskontroll menn. 40 prosent er under 25 år. Det er denne gruppa med ferske førarkort i lomma som ofte mister lappen.

Sjølv om UP på Vestlandet har skrive ut over 4.400 fartsbøter i år er det ikkje for å fylle pengar i statskassa.

– Det er for at det skal vere trygt på vegen, seier Elling Krogen som er politioverbetjent i UP.

Må ikkje vere akseptert

Han meiner at ved å vere til stades Nordfjord, gjere at folk ikkje trakkar for hardt på gasspedalen.

– Heile intensjonen vår er å bidra til trafikktryggleik slik at vi får ned talet på skadde og drepne.

Dette meiner også Audun Heggestad i Trygg Trafikk. Men han trur det viktigaste er at folk blir bevisste på at høg fart er farleg.

– Det må ikkje vere akseptert å køyre for fort. Vi må vere bevisste på at fart, rus og manglande bruk av bilbelte er dei tre viktigaste faktorane for å få ned talet på trafikkulukker, seier han.