Hopp til innhold

Berre regn i bøtter og spann kan stoppe brannfaren

No trengst det mykje nedbør om brannfaren skal bli mindre. Men det er usikkert kva tid det kjem nok regn.

Skogbrannfare

FORSIKTIG: Det er svært tørt i bakken etter ein regnfattig periode. No er det berre skikkeleg regnvêr som kan hjelpe.

Foto: Linda Vespestad / NRK

– Det er stor skogbrannfare fordi det har vore lite nedbør den siste veka, så det er begynt å bli svært tørt i bakken, seier Halldis Berge som er statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel med åtvaring om lokal stor skobrannfare både i Hordaland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Sogn og Fjordane.

Treng regn så det monnar

Det er lokalt store skilnadar på kor stor skobrannfaren er.

– Det er fleire stadar som ikkje har hatt regnbyer i det siste. Lokalt har det vore regnbyer. Men i og med at det varierer kor det har komme regnbyer, er det også stor fare enkelte plassar der det er tørt.

Dermed er det berre å håpe på at det faktisk kjem regnbyer, så det monnar.

– Det som skal til for å stoppe brannfaren er at det kjem ein god del regnbyer over heile fylket, med fleire millimeter med regn som fuktar opp både terreng og vegetasjon.

Betring mot slutten av veka

Meteorologen understrekar at det trengst meir enn ei lokal ettermiddagsbye for at skogbrannfaren skal bli redusert.

– Ein treng meir enn ei ettermiddagsbye. Ein treng godt med regn for at det skal hjelpe på.

Men meteorologen kan ikkje love regn med det første.

– Det kjem opp litt meir fuktige luftmassar i løpet av onsdagen. Så onsdag ettermiddag og kveld kjem det litt meir nedbør. Torsdag kjem det også nedbør. Så det kan komme nok til at det hjelper på i løpet av onsdag og torsdag.