Trist syn møtte John Magne - berre pipa står att på barndomsheimen hans

LÆRDAL (NRK): – Når barndomsheimen brenn ned, er det litt som om barndommen brenn opp. Det svir frykteleg, seier John Magne Hiller.

John Magne Hiller

TRIST SYN: John Magne Hiller kom i dag frå Oslo for å sjå det som var barndomsheimen hans og som skulle bli pensjonistbustaden hans.

Foto: NRK

Huset hans er eitt av dei som brann ned til grunnen i Lærdal natt til søndag. John Magne Hiller bur i Oslo og sette seg i bilen halv fem i dag tidleg. I føremiddag kom han fram til Lærdal. Det var eit trist som møtte han.

– Eg tykkjer dette er veldig trist. Huset var barndomsheimen min og tanken var at det skulle vere pensjonistbustaden min. No er alt vekke. Berre pipa står att, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

16 familiar mista husa sine i brannen i Lærdal. For John Magne Hiller i Oslo vart det ein tøff tur over fjellet for å sjå til barndomsheimen som ligg i ruinar.

Har lagt ned mykje arbeid

Det gamle huset hadde stått der i nesten hundre år før det forsvann i flammane. Hiller og kona har lagt ned mykje arbeid for å restaurere huset frå 1919.

– Vi har oppgradert huset og lagt nytt tak for halvannan år sidan. Huset var etterisolert og vi hadde gjort mykje arbeid innvendig. Vi hadde fått det i bra stand og var glade for det vi hadde fått til. Eg tykkjer det er leitt at huset er vekke, seier Hiller.

Ein garasje og eit stabbur på eigedommen har overlevd brannen, men eine sida på stabburet er heilt svart.

Huset til John Magne Hiller

BERRE PIPA ATT: Det gamle huset hadde stått der i nesten hundre år før det forsvann i flammane.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Eg har vore uheldig

John Magne Hiller

VAKS OPP I LÆRDAL: John Magne Hiller hadde barndommen sin i Lærdal. No er det ingenting att av huset.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Totalt er 23 bygningar på Lærdalsøyri brent ned i storbrannen som herja Lærdalsøyri, 16 av dei er bustadhus. Medan det ikkje er noko igjen av huset til Hiller, står det bustadhus like ved som tilsynelatande er uskadde.

– Huset til søstera mi og svogeren min er uskadd. Eg ser også at andre naboar sine hus er uskadde. Eg får gle meg på deira vegne for at det gjekk bra med dei. Brannen har ramma tilfeldig, og i dette tilfelle er det eg som har vore uheldig, seier han.

– Det er mykje minne i ein barndomsheim. Kva tenkjer du når du ser på det som var huset ditt?

– Det er verste. Her hadde eg oppveksten og mange ungdomsår. Vi har hatt det veldig bra her, og det er ein triveleg plass med mykje mange minne.

Må ha nokre dagar å komme seg på

No skal han prøve å fordøye det som har skjedd og seier at livet må gå vidare. Først skal han ha nokre dagar til å puste ut.

– Deretter får eg snu meg rundt og prøve å finne ut korleis vi skal løyse dette. Det går nok bra, men det tek litt tid, seier han.

Sidan telenettet i Lærdal ramla ned på grunn av brannen, har ikkje Hiller fått snakka familien sin i Lærdal enno.

– Dei er på besøk lenger opp i dalen og no skal eg reise for å treffe dei, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.