Hopp til innhold

Berre Brann og Sogndal er aktuelle

I løpet av ein månads tid håpar Eirik Bakke å kunne ta avgjerda som bestemmer framtida for hans eigen karriere.

Brannkaptein Eirik Bakke

KJEM - ELLER IKKJE? Eirik Bakke har to alternativ for neste år: Brann - og moderklubben Sogndal.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Vi får sjå kva vi blir samde om. No vil eg ha fullt fokus på jobben her den siste månaden av sesongen, så får vi ta det andre etterkvart, seier Eirik Bakke.

Det vart tidlegare torsdag kjent at den tidlegare Leeds-proffen har tankar om å returnere til moderklubben i Sogn - men at Sogndal sine eventuelle planar om kunstgras kan komme til å stoppe Bakke.

Vil halde fram nokre år til

Overfor NRK Sogn og Fjordane understrekar Bakke at han har lyst til å trekkje den svarte og kvite drakta over hovudet igjen.

Og: Det er berre Brann og Sogndal som er aktuelle klubbar for 33-åringen.

- Eg har spelt mykje i år, og eg føler eg har mykje igjen på fotballbana. Eg kan ikkje sjå for meg den dagen eg ikkje kan gå på treningsfeltet og trene, seier Bakke.

- Eg er sogndalsgut

Bakke har opplevd det meste ein norsk fotballspelar kan vere med på. Og no ser han at gamleklubben er i ferd med å sikre seg opprykk til neste års eliteserie.

- Eg er sogndalsgut. Og rykkjer Sogndal opp, så vil det vere vanskeleg å ikkje ta på seg drakta igjen. Men akkurat no er det vanskeleg å seie om det går i orden, seier han.

Fryktar behandlingsbordet

No håpar Bakke at han kan ha teke den endelege avgjerda i løpet av ein månads tid. Men før det kan skje, må han avklare ein del ting med Brann, Sogndal - og ikkje minst familien.

- I mellomtida må eg ha fokus på det som skjer i Brann. Og Sogndal må ha fokus på opprykket. Men for meg er det ikkje avgjerande at Sogndal rykkjer opp, seier han.

Han vedgår at banedekket er ein faktor han må ta omsyn til.

- Med min skadehistorikk får eg ikkje ut mitt beste om det blir kunstgras på Fosshaugane. Då vil eg i tilfelle vere mest på behandlingsbordet, seier Bakke.