Godt å vere bergensar i Sogndal

Medan Brann slit på kvalikplass i eliteserien, klatrar Sogndal på tabellen. Og det med heile fem bergensarar på laget.

Mens Brann slit på kvalikplass i eliteserien, klatrar Sogndal på tabellen.
Og det med heile fem bergensarar på laget.
I går kveld var det nok ein gong eit ungt talent frå Bergen som sikra tre poeng for sogndølene.

I går kveld var det nok ein gong eit ungt talent frå Bergen som sikra tre poeng for sogndølane. I dag er det godt å vere bergensar i Sogndal.

– Det var fantastisk herleg å kjenne at dei tre poenga var sikra, det følte eg var det viktigaste der og då, seier Tim Nilsen.

To minutt på overtid, på ekte Zlatan-vis sikra 21-åringen i går kveld tre nye poeng for Sogndal mot Sandnes Ulf.

– Eg synst det var bra gjort av han. Det var akrobatisk, seier målvakt og bergensar Mathias Dyngedal.

Valde rett klubb

Mathias Dyngeland

FRÅ FANA: Mathias Dyngeland tykkjer det var ekstra moro å slå Brann.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den unge målvakta seier det er utruleg artig å vere bergensar i Sogndal no.

– No slo vi Brann sist, noko som var ekstra moro. Vi har hatt ein god følelse no dei fire siste kampane, seier Dyngedal.

Sjølv har han fått tilbod som 15 åring å gå til utviklingsavdelinga i Brann, men valde heller Sogndal.

– No visar det seg at valet eg tok var riktig, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal-spelarar

FRÅ BERGEN: Fleire bergensarar har funne vegen til Sogndal Fotball.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange bergensarar

Spelarane godtar seg over 10 poeng på fire kampar. Og mens laget sin erkefiende Brann slit på kvalikplass, har desse Sogndal-spelarane ein ting til felles. Dei er alle bergensarar.

Petter Strand er frå Tertnes i Åsane, Mathias Dyngeland er frå Fana, Tim Nilsen frå Fyllingsdalen, Helge Haugen frå Flaktveit i Åsane og Kristoffer Nesse Stephensen er frå Bergen.

– Vi er mykje bergensarar her no. Sogndal er flinke til å sjå utafor fylket etter gode fotballspelarar så det er bra, seier Petter Strand.

Tim Nilsen

HERLEG Å SIKRE POENG: Tim Nilsen sikra søndag sigeren mot Sandnes Ulf.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For bergensarar som sikra sigeren på søndag har det vore ein draum å kunne spele for Brann på Brann stadion framfor 17.000 elleville bergensarar.

– Men no spelar eg for 4000 hylande sogningar, og det er heilt greitt, seier Tim Nielsen.