Hopp til innhold

Ber transportkjøparane ta ansvar

Det å kjøpe billege transporttenester kan fort bli farleg, meiner UP-sjefen på Vestlandet. Han etterlyser at kjøparane tek meir ansvar.

Leon Nordanger

TA ANSVAR: UP-sjef på Vestlandet, Leon Nordanger, meiner dei som får utanlandske vogntog inn på norske vegar må ta meir ansvar for at det ikkje skal skje ulukker.

Foto: Alexander Vollevik Larsen/NRK

Utanlandske vogntog er med ujamne mellomrom involvert i ulukker langs norske vegar. Stadig fleire utanlandske vogntog trafikkerer i Norge, og dei alvorlege ulukkene gjer at sjefen for Utrykkingspolitiet på Vestlandet meiner noko bør gjerast., skriv BT.no.

Må setje tryggleik før økonomi

– Dei som kjøper transporttenester må ta sitt samfunnsansvar. Økonomien i transportbransjen kan vere tøff, men ein må ikkje setje seg i ein situasjon der ein må kjøpe dei billigaste tenestene. Noko som i nesten omgang kan føre til alvorlege trafikkulukker, seier UP-sjef Leon Nordanger til nettavisa.

Politiadvokat Line Skjengen i Hordaland politidistrikt seier til BT.no at det i mange av dødsulukkene mellom Voss og Bergen har vore utanlandske vogntog involvert.

Både ho og Nordanger viser til at dei i mange tilfelle køyrer med lovlege dekk, men at desse ikkje er eigna for nordiske forhold.

Vil ta bakmennene

Kravet om at også dei som kjøper og tilrettelegg transporten for dei utanlandske aktørane i bransjen, har lenge vore fronta av Norges Lastebileigarforbund (NLF).

Dei har vore spesielt uroa for konkurransesituasjonen, og har i mange år kravd betre kontroll av utanlandske vogntog som driv transport i Norge. Enno meiner NLF at det skjer for lite.

Advokat i NLF, Robert Aksnes har bede Statens vegvesenet om å få på plass rutinar som gjer til at dei også kan ta bakmennene som organiserer transporten i tilfelle der denne er ulovleg i forhold til dei såkalla kabotasjereglane. Desse reglane seier noko om kor mange oppdrag utanlandske transportørar kan ta på seg når dei er i Norge.

NLF meiner det ikkje er nok å straffe sjåførar og bileigarar som blir tekne for ulovleg transport i Norge. Skal ein få bukt med problema må også oppdragsgivarane ta ansvar.

– Ein kan ikkje berre straffe sjåførar og bileigar, det blir det same som å berre straffe narkotikamisbrukarar og smålangarane. Vi må ta bakmennene, dei som set dette i system, seier Aksnes.

– AS Norge må gjere jobben sin

Også Stein Inge Larsen i transporverksemda Byrknes Auto frå Gulen er samd i at noko bør gjerast i forhold til dei utanlandske transportørane. Han seier til BT.no at han støttar UP-sjefen fullt ut i forhold til straffeansvar for kjøparane av transporttenestene.

Samtidig er han oppteken av at Norge må sikre at konkurranseforholda er like. Larsen vil mellom anna ha strengare kontroll av kabotasjereglane, strengare krav og reglar til dekksutrustning, kjettingar og autopass.

– I dag er reglane altfor opne og uklare, seier Larsen til nettavisa.

Negative til forslaget

Transportarbeidarforbundet har føreslått at oppdragsgjevarar skal ha eit straffeansvar for ulukker. Men i Logistikk- og Transportindustriens Landsforening er dei ikkje spesielt positive til det forslaget.

– Vi organiserer dei som kjøper transportoppdrag, og vi meiner vi tek eit samfunnsansvar, seier direktør for næringspolitikk i foreininga, Erling Sæther til BT.no.

Han viser til at det er sjåføren og eigarane som har ansvaret for å følgje reglane, og seier dei samtidig vil at det berre skal kjøpast oppdrag frå seriøse transportørar.