Hopp til innhold

Vil gjerne bruke kamerabevis

Både Statsadvokaten og Gjensidige Forsikring er positive til å bruke videoopptak frå lastebilar i rettssaker etter trafikkulukker.

Magne Nyborg

POSITIV: Magne Nyborg ser ingen problem med å nytte opptak frå lastebilar som bevis i rettssaker.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Fleire lastebilsjåførar ynskjer å installere kamera i frontrutene for å bevise si uskuld når ulukka først er ute.

Medan Datatilsynet er kritiske, meiner rettssystemet at opptaka absolutt kan brukast.

– Eg kan vanskeleg sjå at det er noko problem med det. I alle fall i ei straffesak. Det er fri bevisføring i Norge, så det vil ikkje vere noko problem å nytte slike bevis i ei sak, seier statsadvokat Magen Nyborg.

– Veldig godt bevis

Nyborg meiner videoopptak frå frontruta til eit vogntog, både er lovleg og påliteleg bevis i trafikkulukker.

– Det blir veldig godt bevis. Det viser jo kva som skjer like framfor bilen før ulukkestidspunktet. Ofte skjer det veldig fort, så ein har ikkje augevitne til ulukka og dei som er involvert blir traumatisert av hendinga, seier han.

– Skal ha kamera

For ei tid attende melde Byrknes Auto at dei ynskjer å installere kamera i alle sine køyrety .

Terje Styve

BØR HA: - Eg meiner at dette er noko alle bør ha. Ikkje berre for eigen og andre sin tryggleik, men du merkar sjølv at du har endring i køyreåtferda, seier Terje Styve om kameraet han har i frontruta.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det vil også jølstringen Terje Styve, yrkessjåfør hos Kaarstad Transport gjere.

– Eg skal ha eit kamera. Om det skjer noko, så skal eg bevise at det ikkje er eg som har gjort noko feil. Vi får som regel skulda. Vi er størst og vi er tyngst. Ingen likar oss i trafikken, seier han.

Utydeleg lovverk

Men Datatilsynet meiner dette er ulovleg overvaking. Likevel, lova er utydeleg ettersom regelverket i dag er tilpassa kamera som filmar ein bestemt ting, som til dømes minibankar.

Kamera i fronten på ein lastebil og som filmar lange strekningar, er derimot ikkje råka av lovverket. Kim Ellertsen i Datatilsynet er samd i at det er naudsynt med ei avklaring.

– I all den tid transportnæringa viser at dei ynskjer å ta denne teknologien i bruk, så er det openbart at ei avklaring burde vore til stades, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Installerer kamera i lastebilar

SJÅ: Yrkessjåførar vil installere kamera i lastebilar.

Vil nytte

Så lenge spørsmålet ikkje er avklara, vil ikkje fagsjef for Motorvognoppgjer i Gjensidige Forsikring, Stein Plogål, rå bilistar til å montere kamera i bilane sine.

– Eg trur at til det er avklara, så må vi nøye oss med å anbefale vanlege kamera som ein oppbevarer i bilen og tek fram når det er naudsynt, seier han og legg til at dei nyttar kamerabevis i dei saker der det finnast.

Viktig prøvestein

Ei slik sak er opp ei rettssystemet no. Ein av Stein Inge Larsen, administrerande direktør i Byrknes Auto, sine førarar er part i ei ulukke som vart filma frå frontruta. Opptaket blir ein viktig prøvestein for om slike kan brukast som bevis.

Vogntoget vart forbikøyrt på ei sperrelinje. Medan bilen bråstogga like framfor vogntoget, hadde ikkje føraren til Larsen moglegheit til å unngå kollisjon.

– Hadde vi ikkje hatt det kamera framme, og tatt opp hendinga, så hadde vi tapt denne saka. Eg brukar dette fordi vi skal ha ein tryggleik og vi skal forklare ulukkene som skjer, seier Larsen.