Hopp til innhold

Ber reiselivet skru opp prisane i høgsesongen

– Vi sel høgsesongen for billig, seier Fjord Norge-direktør Kristian Jørgensen. Han meiner reiselivsaktørar bør auke prisane frå mai til september.

Turistar i Flåm

VIL SKRU OPP PRISANE: Fjord Norge-direktør Kristian Jørgensen vil skru opp prisane i høgsesongen mellom mai og september. Her er turistar fotograferte i Flåm.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Tal frå FN spår at reiselivet vil få ein vekst på 60 prosent dei neste tolv åra. Ein vekst Noreg og Vestlandet er venta å ta ein stor del av.

Administrerande direktør i Fjord Norge Kristian Jørgensen meiner reiselivsaktørane på Vestlandet bør skru opp prisane i høgsesongen frå mai til september, for å møte veksten.

– Nå vi har fulle hotell heile sommaren, så må vi hente ut større verdiar. Å setje opp prisen er ein naturleg konsekvens av at vi gjer det bra og ein naturleg del av å vekse som turistdestinasjon, seier Jørgensen.

Fjord Norge-sjefen meiner høgsesongen blir selt for billig.

Kristian Jørgensen

HEILÅRSTURISME: – Vi må ha ein høgare pris når det er mange som vil kome, for å motivere dei som vil oppleve det billigare til å kome på ein anna årstid. Vi må bruke denne mekanismen for å byggje heilårsturisme på Vestlandet, seier Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Foto: NRK

Det er viktig at vi ikkje sel mai til september for billig, når det er den perioden mange vil oppleve oss. Målet er jo ikkje å drive velgjerd, men å drive ei forretning som gjer at verdiskapinga er så høg som mogleg, seier Jørgensen.

Han meiner ein prisauke på 10–15 prosent vil vere rimeleg og noko som kan vere med å skape heilårsturisme.

Har sett opp prisen

Ved tradisjonsrike Walaker hotell i Luster har dei gode erfaringar med å setje opp prisane.

– Til 2019-sesongen har vi på dei fleste romma ein prisauke på 14,3 prosent, fortel direktør Ole-Henrik Nitter Walaker.

Walaker Hotell i Solvorn

MÅ TILBY KVALITET: – Nå prisane stig, stig også forventningane. Så det er viktig at kvaliteten følgjer med i prisstiginga slik at forventningane til gjestene blir innfridde eller blir overgått, seier direktør ved Walaker hotell, Ole-Henrik Nitter Walaker

Foto: Silje Guddal / NRK

Han trur fleire kan gjere som dei.

– Den store verda der ute har mykje høgare prisar enn vi har. Så vi må ikkje vere redde for å bruke det same prissjiktet som dei, seier Walaker, som understrekar at kvaliteten må vere deretter.

Reiselivsdirektør i Visit Sognefjord Ståle Brandshaug er samd i at prisauke kan vere eit godt verkemiddel for å spreie turisttrafikken utover året, men meiner ein må sjå dei ulike reiselivsaktørane an.

90 prosent prisauke

Midt i smørauget i ein av dei mest besøkte turistdestinasjonane i Fjord-Noreg, cruisebygda Flåm, ligg Fretheim hotell.

Her er det venta at veksten i reiselivet vil føre til 700 000 fleire besøkande i året.

Hotelldirektør Øivind Wigand meiner likevel at dei vil prise seg ut av marknaden om dei set opp prisane ytterlegare.

– Vi har ein tydleg prisstrategi og følgjer med i timen. Neste sesong vil vi ha ein liten prisauke på 3–4 prosent, fortel han.

Øyvind Wigand

MÅ SATSE PÅ AKTIVITETAR: – Eg trur ikkje folk vil kome om vinteren, dersom det blir dyrare om sommaren. Skal ein få folk hit frå april til oktober må ein satse på aktivitetar, seier hotelldirektør Øyvind Wigand ved Fretheim hotell.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Fretheim hotell hadde i sommar eit belegg på 98,5 prosent. Wigand seier at dei har auka gjennomsnittsprisen med 90 prosent sidan 2013. Han trur ikkje høgare pris vil få fleire til å velje Vestlandet i vintersesongen.

– Eg trur ikkje folk vil kome om vinteren, dersom det blir dyrare om sommaren. Skal ein få folk hit frå april til oktober må ein satse på aktivitetar.