Hopp til innhold

Ber regjeringa hindre sjukehuskutt

Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at deira eiga regjering grip inn og stoggar dei nedskjeringane Helse Førde har vedteke ved sjukehusa i fylket.

- Det må regjeringa gjere ved å utsette kravet til budsjettbalanse, og den beskjeden må komme umiddelbart, seier fylkesleiar Tor Bremer.

Tor Bremer
Foto: NRK

Krav om balanse

Stortinget har samrøystes vedteke at alle helseføretaka skal gå i balanse innan utgangen av året. Helse Førde har alt fått lov å sprekke med 30 millionar i år, men manglar likevel 20 millionar, og dei må i tillegg kutte ytterlegare 40 millionar neste år.

Mange kutt

Ei rekke tiltak er vedtekne. Mellom anna nedlegging av ortopediklinikken i Lærdal og 20 medisinske senger ved sentralsjukehuset og lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal. Der er også vedteke ei rekke andre kutt, men nærsjukehuset i Florø og føden i Lærdal og på Eid er freda.

Samstundes sa regjeringa i Soria Moria-erklæringa at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og ein omfattande plan for all sjukehusdrift i landet er ute på høyring og blir vedteken i Stortinget i haust.

Sterkt uroa

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er difor sterkt uroa og lite tilfreds med faktorenes orden.

- Det er naudsynt å få ei prinsipiell avklaring først. Vi trur det er feil å gjere forhasta vedtak om nettopp lokalsjukehusa før det prinsipielle er på plass.

- Vi ber om at dei utset det økonomiske balansekravet til det er bestemt kva vi skal bruke sjukehusa til og kva for tenester innbyggarane rundt om i landet skal få, seier han.

Ansvar for innhaldet

Etter at staten tok over drifta av sjukehusa, fekk føretaka ansvar for å bestemme innhaldet i tilbodet ut frå ei generell bestilling frå departementet, og innanfor dei økonomiske rammer som Stortinget til ei kvar tid bestemmer. Bremer meiner dagens regjering i sterkare grad vil blande seg inn i sjukehustilbodet rundt i landet.

Skeivfordeling

Ei anna side ved problema kring sjukehustilbodet her i fylket er at Helse Vest får urettferdig lite pengar i forhold til ein del andre føretak. Skeivfordelinga er 600-700 millionar. Dersom dette vart oppretta raskare, vil det også bety at Sogn og Fjordane slepp rasere tilbod slik ein no fryktar.

- Desse pengane som kjem då må gå til pasientbehandling og ikkje til å berre betale gammal gjeld, seier han.