NRK Meny

Ber om pengar til idrettsanlegg

Stryn Turn og Idrettslag ber om åtte millionar kroner frå fylket for å byggje idrettsanlegget Arena Stryn. Tidlegare har dei søkt om 8,7 millionar, og fått avslag. Viss dei får pengar i år, eller lovnad om pengar i 2019, kan dei setje spaden i jorda til våren. Fylkeskommunen har søknaden til vurdering.