Hopp til innhold

Ber klima- og miljøministeren gjere ny vurdering av gruveplanane i Vevring

SV ber klima- og miljøminister Vidar Helgesen gjere ei ny vurdering av Nordic Mining sine gruveplanar i Vevring.

SV ber om at det vert gjort ny vurdering av gruveplanar

VIL HA NY VURDERING: Lars Haltbrekken er stortingsrepresentant for SV.

Foto: Kaja Johnsen Viki/Kjetil Rydland / NRK

Bakgrunnen er opplysningane som Firda kunne fortelje om tidlegare denne veka. Då vart kjent at det Nordic Mining har skalert ned både levetida for Engebøgruva og talet på tilsette.

– Det er ikkje tvil om at gruveprosjektet kjem til å føre til stor miljøskade i Førdefjorden. Tidlegare har Miljødirektoratet og Klima- og miljøministeren sagt at samfunnsnytten ved prosjektet er større enn ulempene, seier Lars Haltbrekken som er stortingsrepresentant for SV.

Færre tilsette, kortare driftstid

I ein ny studie som vart presentert før jul er talet på tilsette i gruva redusert med 60. Den planlagde levetida til gruva er redusert med 21 år.

– Vi ser at samfunnsnytten går ned når sysselsettingseffekten blir så kraftig redusert, seier Haltbrekken.

Ivar Fossum i Nordic Mining

TRUR PÅ LENGER LEVETID FOR GRUVA: Ivar S. Fossum er administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi deler SV sitt ynskje om at driftstida for gruva skal bli så lang som mogleg, seier Ivar S. Fossum, som er administrerande direktør i Nordic Mining.

Fossum seier det er stor sansynlegheit for at levetida til gruva i Vevring blir lenger enn dei 29-åra som den siste studien syner.

Utnyttar meir av råstoffet

– Vi har prøvd å gjere prosjektet meir robust ved å skalere det ned. Miljøpåverknaden vert også mindre ved at det blir 70 prosent reduksjon i massane som skal deponerast i Førdefjorden, seier Fossum.

Prosessforsøk som Nordic Mining har gjort syner blant anna at dei kan utnytte meir av mineralet granat enn dei først rekna med. Men sjølv om det no vert lagt opp til ein kraftig reduksjon i massane som skal deponerast i Førdefjorden , er Haltbrekken langt frå nøgd.

– Skal ein ha gruvedrift må ein ha maksimal utnytting av gruvemassane og fylle tilbake i gruve. I alle fall er eit sjødeponi, som vil øydelegge liv på fjordbotnen noko som må vere heilt uaktuelt, seier Haltbrekken.