Hopp til innhold

Ny prøveboring i Vevring

Nordic Mining skal gjere nye prøveboringar i Engebøfjellet i Vevring

Prøveboring i Engebøfjellet

ENGEBØFJELLET: Nordic Mining skal gjere nye undersøkingar av malmførekomstane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi skal gjere nokre nye boringar i det same området som vi bora i sist for å undersøke resursane noko betre, seier Det seier Mona Schanche som er direktør for utforsking i Nordic Mining.

Tidlegare i haust har prøveboringar synt at dei kan få betre utnytting av blant anna mineralet granat enn det dei såg føre seg i utgangspunktet. Prøveboringane denne gong vert i mindre målestokk enn dei to føregåande.

– Vi snakkar vel om 10 borehol denne gongen, seier Schanche.

Store verdiar

Ein ny studie viser at gruveprosjektet til Nordic Mining i Engebøfjellet i Naustdal er verdt 2,7 milliardar kroner i dagens marknad. Summen er den eigarane vil sitje igjen med etter at alle kostnader med bygging og drift er betalte.

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

PRØVEBORING: Mona Schanche som er direktør for utforsking i Nordic Mining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi håpar dei nye undersøkingane skal kunne gi oss meir kunnskap om kvaliteten på fjellet i forhold til det å skulle drive gruvedrift, seier Schanche.

Nordic Mining ynskjer å vinne ut mineralet rutil i Engebøfjellet. I tillegg har førekomstane av mineralet granat synt seg å også vere svært interessante.

– Vi har visst at vi kunne ta ut eit fint granprodukt. Men vi har no og gjort ein del prosessforsøk som syner at vi også kan ta ut eit grovare granatprodukt, som vi kan selje i ein litt annan marknad , seier Schanche.

Omstridt

Gruveplanane i Vevring er høgst omstridde. Då Nordic Mining starta den første prøveboringa resulterte det i massive demonstrasjonar, lenkegjengar og politiaksjonar. Det håpar Schanche dei skal unngå denne gongen.

– Vi har ikkje høyrt om det på ei stund. Vi håpar at dette boreprogrammet kan gå utan større forstyrelsar, seier Schanche.

I eitt år framover no skal det gjerast detaljerte studiar av malmen og økonomien i prosjektet.

– Så blir det ein periode der vi skal skaffe finansiering til å bygge ut. Sjølve utbygging vil ta to år. Så vi reknar med at det vil ta 3–4 år før gruva kan vere i drift, seier Schanche.