Hopp til innhold

Stein til sandblåsing bles nytt liv i gruveplanane i Vevring

Nordic Mining har funne eit nytt produkt dei kan vinne ut frå den planlagde gruva i Vevring.

Nytt produkt frå Nordic Mining

NYTT PRODUKT: Nordic Mining vil og utvinne grov granat frå den planlagde gruva i Vevring

Foto: Nordic Mining

– Vi har tidlegare vist at vi kan utvinne både rutil og fin granat. No har vi funne ut at vi og kan ta ut eit grovare granatprodukt, seier Mona Schanche som er direktør for utforsking i Nordic Mining.

Det grove granatproduktet kan blant anna brukast i samband med sandblåsing som erstatning for kvarts som vert brukt i dag.

– Når ein brukar kvarts til sandblåsing så vert det danna eit fint støv som ikkje er bra å puste inn. Det er ikkje tilfelle med granat, og difor ynskjer ein å bruke granprodukt i staden for kvarts, seier Schanche.

Styrkar prosjektet

– Det styrkar prosjektet at vi har nok eit produkt. Det betyr at vi kan selje meir av malmen, seier Schanche.

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

KARTLEGGINGSSTUDIE: Mona Schanche er direktør for utforsking i Nordic Mining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til fleire produkt dei kan vinne ut, til betre økonomi vert det i prosjektet. Schanche seier det er for tidleg å seie kor stor marknaden er for det nye granatproduktet.

– På verdsbasis er det ein avgrensa marknad, men samstundes er det ein marknad som vi ser vi kan ta ein posisjon i.

Forstudie

Selskapet er no i gang med ein kartleggingstudie som skal legge hovudgrunnlaget for å vurdere oppstart av industriverksemd på Engebø. Studien skal etter planen leggast fram til hausten.

– Dette er ein studie der vi systematisk går gjennom heile gruveprosjektet og ser på finansiell risiko og teknisk risiko for utbygging. Basert på dei funna vi gjer der så vil vi kunne seie noko om kva som må til for å bygge ut, seier Schanche.

– Kor lang tid vil det ta frå de eventuelt bestemmer dykk for å starte til de faktisk er i gang?

– Frå ein tek ei investeringsavgjerd så er det om lag to år med konstruksjon før ein kan byrje produksjonen, seier Schanche.