Hopp til innhold

Ber Jølster endre planane

Riksantikvaren vil ha eit mindre besøkssenter som ikkje treng sikrast med rasvoll.

Inngang til besøkssenteret ved Astruptunet.
Foto: Illustrasjon: Ly arkitekter

Riksantikvaren går imot det omstridde besøkssenteret som er planlagt ved Astruptunet i Jølster kommune. Både nybygget og rasvollen er uakseptable inngrep, er konklusjonen.

Må byggje rassikkert

- Dei bør sjå på løysingar der bygget vert lagt rassikkert, for eksempel inn i terrenget eller på ein sånn måte at bygningen toler ras, seier seksjonssjef hjå Riksantikvaren Margrete Tviberg.

Dersom Riksantikvaren skal godta eit nybygg ved Astruptunet, krev dei også eit vesentleg mindre bygg.

- Dersom bygget ikkje må rassikrast, vil inngrepet vere eit heilt anna. Det kunne vi kanskje godta lettare, seier Tviberg.

Aksepterer ikkje inngrep

Nybygget ved Astruptunet frå aust
Foto: Illustrasjon: Ly arkitekter

Jølster kommune har i fleire år jobba for eit besøkssenter og galleri ved Astruptunet.

Men Riksantikvaren meiner både bygget og rasvollen vil vere eit uakseptabelt stort inngrep i landskapet og kulturmiljøet som kunstnaren Nikolai Astrup sette så høgt.

- Vi er opptekne av at landskapet skal kunne opplevast og formidlast som ein heilskap, seier Tviberg, som også peikar på at Astruptunet er eit kulturminne av nasjonal interesse.

- Difor er forslaget som ligg på bordet no uakseptabelt, seier Tviberg.

Kan hamne i departementet

Planane om eit besøkssenter ved Astruptunet har vekt sterk lokal motstand. Kulturavdelinga i fylkeskommunen gjekk imot planane fordi dei meiner bygging av sjølve rasvollen vil ha store negative verknader på kulturlandskapet.

Fylkesutvalet derimot, såg ingen problem med planane, og dermed hamna saka hos Riksantikvaren.

Dersom Jølster kommune ikkje vil utarbeide eit nytt prosjekt slik Riksantikvaren ber om, kan dei sende saka vidare til departementet for avgjerd.

- No er det opp til kommunen kva dei vil gjere framover. Men vi står fast på at vi ikkje godtek forslaget som ligg på bordet, seier Tviberg.