Hopp til innhold

Ber folk starte nedfarten frå fjellet tidleg

I Sogn og Fjordane er Riksveg 13 over Vikafjellet kolonnekøyrt på grunn av uvêr, og Statens vegvesen varslar at det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel også på Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Riksveg 52 Bjøberg

KOLONNEKØYRING: Her kan det verte innført kolonnekøyring på kort varsel.

Foto: Web-kamera, Statens vegvesen

– Eg vil nok oppmode folk om å starte nedfarten frå fjellet tidleg i dag, seier Roger Nedberge Hille som er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Før helga vart det sendt ut obs-varsel om vanskelege køyreforhold i fjella i Sør- Norge. Så langt har ikkje det verste uvêret slått til for fjellovergangane til og frå Sogn og Fjordane, om ein då ser vekk frå Vikafjellet og Hemsedalsfjellet.

– Både på Hol – Aurland, Filefjell og Strynefjellet er det bra no. Ifølge vêrprognosen som eg no sit med så skal vinden heller ikkje auke ut over dagen, seier Nedberge Hille.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.

Men allereie seint laurdag kveld slo uvêret inn over Vikafjellet. Der vart det i natt innført kolonnekøyring på grunn av vanskelege køyreforhold. Ivar Vassli Brekke var med som sidemann i brøytebilen på Vikafjellet i natt. Han fortel at det til tider var så tett at dei ikkje kunne sjå handa føre seg.

– Det var mykje snøkav. Rett som det var måtte vi berre stogge å vente fordi snødrevet var så tett at det ikkje var forsvarleg å køyre, seier Vassli Brekke.

På grunn av uvêr er det innført kolonnekøyring på Vikafjellet

UVÊR: Slik såg det ut på Vikafjellet i natt. Foto: Ivar Vassli Brekke

Roger Nedberge Hille

BER FOLK STARTE NEDFARTEN TIDLEG: Roger Nedberge Hille er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

– Sjølv om forholda er bra på fleire av fjellovergangane no, vil eg likevel oppmode folk om å køyre tidleg ned frå fjellet. Med litt dårleg vêr og mykje trafikk skal det ikkje meir til enn at ein bil køyrer seg fast før det kan oppstå problem, seier Nedberge Hille.