Hopp til innhold

Kraftig smell reiv Inge Midtbø opp frå senga

BRYGGJA (NRK.no): Inge Midtbø hugsar godt den brå starten han fekk på skjærtorsdag 2013. – Eg var vaken, men låg framleis i senga. Så høyrde ein «svusj», etterfølgd av eit stort smell, fortel han.

Inge Midtbø og aktor Erling Melvær

SÅG SPOR: Inge Midtbø (t.h.) hadde vore vaken i ein halvtime då han høyrde smellet frå den fatale kollisjonen på riksveg 15 ved Bryggja i mars i fjor. Her i samtale med aktor Erling Melvær under synfaringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det Inge Midtbø, som bur like ved riksveg 5, høyrde, kan vere den eine av ulukkesbilane som var involverte i dødsulukka.

Etter den veldige smellen, som han i retten skildra som ein eksplosjon, heiv han på seg kleda og sprang opp til vegen.

– Allereie på veg opp skjønte eg at det var noko alvorleg. Då eg kom opp til vegen var det allereie kome til andre som hjelpte kvinna i den blå bilen. Det var også kyndige folk som såg til føraren av den andre bilen. Etter kort tid var både ambulanse, politi og luftambulanse på staden, fortel han til NRK.no.

Skjønte alvoret

Livet til kvinna som køyrde den austgåande bilen, stod ikkje til å redde. Passasjeren hennar vart lettare skadd. Bilen som sambuarparet støytte saman med neda på taket kring 140 meter unna.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Aktørane i tingretten på befaring på Bryggja i dag i samband med bildrapssaka.

PÅ NÆRT HALD: I dag fekk retten, den tiltalte og dei etterlatne sjå staden der den polske seksbarnsmora blei drepen i ei ulukke i mars i fjor.

Ein dansk lege i 40-åra er tiltalt for aktlaust bildrap. Påtalemakta meiner han var påverka, hadde svært høg fart og kom over i feil køyrefelt.

Tysdag forklarte Midtbø seg for retten i den pågåande saka mot legen.

– På veg opp høyrde eg ei røyst frå staden som ropte på engelsk, truleg i telefonen. Då eg kom opp såg eg at det måtte vere passasjeren i bilen til det som viste seg å vere den omkomne kvinna. Han sa noko slikt som «150 kilometers», seier Midtbø til NRK.no

Samanhengande lyd

Medan Midtbø stod i vegkanten la han merke til nokre spor akkurat i dumpa på Måløys-ida av ulukkesstaden. Ulukka skjedde mot toppen av ein bakke.

– Det var nysnø på vegskuldra, men ikkje i vegbana. Vestfrå, mot undergangen, la eg merke til hjulspor som følgde kvitestripa eit ganske langt stykke, fortalde han for retten.

– Kor lenge varte den «svusj»-lyden, ville aktor Erling Melvær vite.

– Det varte sikkert i eitt til to sekund. Kanskje lenger enn det også.

– Lyden varte til det small?

– Ja. Det første som slo meg var at det høyrdest ut som ei lunte som vart påtent, før det small. Det var på lag som ein rakett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppmåling under synfaring på ulukkesstaden.

OPPMÅLING: Politiet markerte kvar dei såg skrapemerke frå bilen til den tiltalte. Mercedesen vart liggande på taket like i bakkant av politibilen i botnen av dumpa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sporet forsvann

På spørsmål frå aktor om kva lyden kunne vere, meinte han det måtte vere lyden etter hjul i sørpa på vegskuldra. Til NRK.no fortel Midtbø at han ikkje høyrde anna trafikk som kunne sett sporet, og at sporet såg ut til å vere ferskt.

– Men eg såg ikkje at bilen køyrde der og sporet forsvann ganske fort, sa han og meinte sporet var vekke etter ein times tid. Midtbø anslo at sporet kunne vere 20–30 meter langt.

Forsvarar Paul Inge Angelshaug ville vite om Midtbø kontakta politiet på staden om sporet.

– Nei, det var kaotisk og eg tenkte dei hadde viktigare arbeid å gjere. Dei prøvde å hjelpe dei skadde, sa Midtbø.

Varsla politiet

Etter nokre dagar tok han likevel kontakt med politiet.

– Eg tenkte på det i dagevis, sikkert over påska, før eg kontakta politiet. Det plaga meg, og det kunne vere noko dei ville ha kjennskap til, seier han til NRK.no.

I rettssalen bad forsvarar Angelshaug vitne om å fortelje kva han meinte sporet betydde.

– Det blir å spekulere, men om det var eg som la bilen der, så var det for å unngå noko, sa han.

– Førebur seg mentalt

Vitnet var tysdag med på synfaringa på ulukkesstaden. Ein har ikkje kunne slå fast at sporet kom frå den eine ulukkesbilen.

Etterlatne etter Bryggja-ulukka.

TØFF DAG: Adrianna og Tomasz Cieslak saman med bistandsadvokat Catharina Skage.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med på synfaringa var også to av dei seks borna som mista mor si i ulukka. På staden vart dei vist og forklart om sår som framleis er i vegbana og merke i autovernet etter bilen til tiltalte.

For både Tomasz og Adrianna Cieslak vart det ein ekstra tøff dag. I morgon skal sonen Tomasz forklare seg i retten om korleis det er å mista mor si på ein slik brutal måte.

– Dei nølte ikkje med å bli med å bli med ut hit, og det trur eg dei hadde teke stilling til på førehand at dette var ein del av det heile. Dei har grudd seg, seier bistandsadvokat Catharina Skage til NRK.

I morgon er retten attende i rettslokalet i Førde, og Tomasz har bestemt seg for å forklare seg for tingretten, sjølv om dette ikkje er noko han er plikta til å gjere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rekonstruksjon av ulukka på Bryggja

NØYE GRANSKING: Ekspertar, dommarar, advokatar, tiltalte og andre involverte følgde nøye med under gjennomgangen på åstaden på Bryggja tysdag ettermiddag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det trur eg han førebur seg mentalt på og det har han i bakhovudet. Han vil fortelje retten om korleis han opplevde å miste mora på denne måten, og det å leve utan mora, seier Skage.

– Mest mogleg rett bilete

Forsvarar for den danske legen, Paul Inge Angelshaug, ville ikkje gå i detaljar kva han tenkjer om den lange dagen i retten på Nordfjordeid og ute på synfaring på Bryggja.

– Det viktigaste for alle involverte er å få fram eit mest mogleg rett bilete. Det er jo det dagen i dag i dag har gått ut på, seier Angelshaug.

Rettssaka etter dødsulukka i Nordfjord varer fram til fredag.