Hopp til innhold

Barn til legesjekk etter kollisjon i Årdal

Fire personbilar var involverte i ei trafikkulukke ved Naddvik i Årdal, på Fv 53. Eitt barn vart køyrd til legesjekk i Lærdal.

Møteulukke i Naddvik, Årdal

MØTEULUKKE: Ein av bilane kom over i feil køyrebane. Vegen er no open.

Foto: NRK-tipsar

– Ulukka skjedde då éin av bilane kom over i feil køyrebane og traff ein møtande bil. I tillegg fekk to andre bilar skader i samband med samanstøyten, seier Per Rimmen, operasjonsleiar i politiet.

Eit barn vart tatt med til legesjekk på sjukehuset i Lærdal, men det er ikkje opplyst om andre personskader etter ulukka.

Ei av køyrebanene på staden har heile tida vore open for ferdsle, men begge køyrebanene er no opne og bilberging på staden er ferdig.

Det var ikkje nemneverdige trafikkproblem medan den eine køyrebana var stengt, seier Rimmen.

Møteulukke i Naddvik