Politiet med Englund i spissen luska rundt i butikkane i Førde sentrum, og med vaktsame blikk noterte dei seg at det eine barberbladet etter det andre forsvann frå hyllekanten.
Stogga dei
Men i det austeuropearane forlet butikklokalet, sette Englund ein stopp for rundreisa deira. Og det var ikkje berre lommene som var fulle av barberblad. Det viste seg snart at litauarane hadde to søppelsekkar fulle av barberblad som skulle omsettast i heimlandet.
Dreiv på ei veke
Men gjengen frå Litauen har ikkje stole alle barberblada til ein verdi av 45.000 kroner i Førde. For banden har herja fleire deler av landet ei vekes tid.