Hopp til innhold

No har ballongfunnet resultert i Irland-ferie

Eit irsk PR-stunt har sørga for at Linda Taule og familien får seg ein tur til Irland i august. Det heile starta med eit ballongfunn i Naustdal for 14 dagar sidan.

Familien Taule Leikanger

FÅR SEG TUR TIL IRLAND: Linda Taule og Viggo Leikanger tek med seg borna Magnus, Pernilla og

Foto: PRIVAT

– No ser det ut til at det blir Irland-tur, fortel ei nøgd Linda Taule.

For to veker sidan var ho på tur med sonen Magnus (7) i Naustdal. Då fann dei ein ballong, som dei valde å ta med seg heim. Etter å ha studert den nærare oppdaga dei at ballongen hadde reist langt, og den hadde med seg ein premie frå den irske byen Dunmanway.

– Det stod at vi hadde vunne ei skål med sjokolade, barbertime, frisørtime, champagne, vin, ein lunsj og to overnattingar på ein Bed and Breakfast, fortel Magnus.

Magnus med ballongen dei fann på fjellet.

PREMIE: Lite visste Magnus og resten av familien kva som venta dei då dei fann ballongen på fjellet i Naustdal.

Foto: Privat

Premien vart utvida

På ballongen stod det også eit nummer, som Linda Taule ringde. I den andre enden sat Catherine Crowley, som saman med næringslivsorganisasjonen lét ballongen fly frå Irland tilbake i desember. Sidan har irane gjort sitt for at familien til Taule skal få premiane dei blei lova ved ballongfunnet.

– Vi var raske med å sjekke opp i flybillettar for heile familien, men det var litt dyrare enn kva vi hadde budsjettert med. Men det har irane ordna opp i, seier Taule.

For no har dei også fått flybillettar, samt overnatting i ei god veke. Alt sponsa av lokalsamfunnet i Dunmanway, ein liten by i West Cork.

– Det einaste som manglar er å bestille nye pass, ler Linda Taule.

Sonen Magnus, som var med på funnet, gler seg til turen. Men ein ting skulle vore på plass, meiner han.

– Det blir kjempefint med tur, men eg kan ikkje så mykje engelsk. Det er litt dumt, fortel sjuåringen.

Fullt opplegg kvar dag

Familien dreg truleg over til den grøne øya siste helga i juli, og blir ei god veke. Men Taule trur ikkje det blir ein veldig avslappande ferie.

– Dei har gjort ein innsats for å utvide premien. Eg ville vore nøgd om dei sende oss ein pakke sjokolade i posten. Det at dei har gitt oss opphald i ei heil veke med mykje gåver frå næringslivet set vi stor pris på. Det blir nok fullt program kvar dag, så veldig avslappande blir det neppe.

Ho trur også mediedekninga av ferien kjem til å vere litt større enn kva ein vanleg sommarferie byr på.

– Heile lokalsamfunnet har bidratt til at vi skal kunne reise, og media i Irland har vore veldig interesserte. Eg har allereie delteke på to radiointervju, og fleire avisintervju. Og medieinteressa blir sikkert ikkje mindre medan vi er der, ler Taule.