Hopp til innhold

Følg og høyr Sogndal – Strømsgodset her

FOSSHAUGANE (NRK): Med siger over Strømsgodset kan Eirik Bakke sine menn klatre oppover tabellen. Du kan høyre kampen på NRK SPORT, med Kjell Inge Holme som kommentator.

Sogndal - Strømsgodset 2016-10-23
Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

HØYR KAMPEN DIREKTE HER

Ingen andre lag i eliteserien har spelt uavgjort fleire gongar enn Sogndal denne sesongen. Heile 12 av kampane har enda med poengdeling, og desse poenga er utslagsgjevande for at laget slepp å tenkje så mykje på nedrykksstriden på tampen av sesongen.

For i mengda sigrar ligg Sogndal ganske likt med laga bak dei på tabellen, medan mengda tap er berre halvparten så mange.

– Mange av desse kampane er stillingskrigar. Ein del kampar har vi slite, men fått med oss poeng, og i ein del kampar har vi vore gode, men berre fått med oss eit poeng. Eg trur vi er der vi fortener å vere akkurat no, seier trenar Eirik Bakke.

Ser oppover

I teorien kan Sogndal framleis rykke ned til 1. divisjon, men med sju poeng ned til plassen som gir kvalifisering og berre ni poeng igjen å spele om, skal det mykje til for at det skjer.

I staden fokuserer Bakke heller på det som skjer over dei på tabellen. Han er godt fornøgd med sesongen, men føler at dei framleis kan klatre enda nokre hakk oppover på tabellen.

Kun eit poeng skil Sogndal og motstandaren på søndag, Strømsgodset.

– No har vi ein god moglegheit til å gå forbi dei, det hadde vi ikkje trudd før sesongen. Eg føler at vi har overraska mange, og det er framleis ein moglegheit til å gjere ein fantastisk sesong, seier han.

Nær rekord

Med den noverande 9.-plassen er ikkje Sogndal langt unna å kunne gjere ein av dei beste sesongane i klubben si historie.

I 2003 enda dei på 8.-plass, medan toppnoteringa kom i 1988 då laget enda på 6.-plass i toppdivisjonen.

– Eg trur desse gutane har lyst til å bryte barrierar og kome så høgt som mogleg. Vi har moglegheitene til å gå forbi lag som ligg framfor oss, og det er jobben dei har gjort dei siste vekene, som gjer at vi har kome oss dit, seier Bakke.

– Eg er ikkje så opptatt av desse tidlegare plasseringane, vi har lyst til å vinne eliteserien, smiler han.

Laster innhold, vennligst vent..