Hopp til innhold

Bakke trur ikkje på nokon utforbakke i haust

Eirik Bakke trur at Sogndal vil klare å ta nok poeng til å klare seg i eliteserien, men han trur det blir ein svært jamn kamp utover hausten.

Eirik Bakke

KLAR TIL KAMP: Eirik Bakke og Sogndal kan du følgje med liveoppdatering her på nrk.no/sf.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

I dag startar eliteserien igjen etter spelarane sin sommarferie. Sogndal møter Stabæk på bortebane, noko som kan bli ein batalje om tre viktige poeng.

– Vi har friske og skadefrie spelarar, men eg er sjølvsagt spent på kva nivået er etter ein månad ferie, seier Bakke på telefon til NRK.

Realisten frå Sogndal har ingen planar om å love for mykje, sjølv om forventningane til Sogndal er høge etter ein god vårsesong.

– Det kjem til å bli jamt utover hausten, men vi skal gjere dette på vår måte, og då trur eg det ordnar seg, seier Sogndal-trenaren.

Ifølgje Sogn Avis kjem Bakke til å forlenge kontrakten med Sogndal Fotball i løpet av kort tid, noko han også stadfestar for NRK.

– Vi skal setje oss ned og sjå på dette snart, men eg trur det ordnar seg, seier 38-åringen.