Hopp til innhold

Bakke går ned to millionar i løn

Eirik Bakke får eit kraftig lønskutt når han frå neste år spelar for Sogndal.

Eirik Bakke og Gunnar Solbakken (MMS-foto)

TILBAKE: Eirik Bakke tek på seg Sogndal-drakta igjen etter 12 år.

Foto: Arve Uglum / NRK

I følgje Bergens Tidende går han ned to millionar kroner i løn. I 2009 hadde 33-åringen 2,5 millionar i skattbar inntekt. I Sogndal kan han vente seg maks 600 000 kroner.

I går var det klart at Bakke har skrive under ein treårskontrakt med sogneklubben. Han blir vurdert som ny kaptein ettersom Lars Grorud går til Brann.

Styreleiar Gunnar Solbakken i Sogndal seier at Bakke går inn i «Sogndalmodellen» der dei best betalte har omlag 600 000 kroner.

– Vi sprengjer ikkje banken. Eirik føyer seg inn i rekkja i Sogndal sitt lønsmønster, seier han til avisa.

Video Eirik Bakke til Sogndal

SJÅ TV-SAKA: Eirik Bakke er tilbake i drakt nr. 9.