Hopp til innhold

Bakke får ein hektisk debutsesong i eliteserien

– Det blir eitt og eitt halvt år med kursing. Det blir hektisk, men det blir nok verst for dei som er heime, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke vil gjerne ha fleire spelarar frå Sogn og Fjordane

PRO-LISENS: Gjennom 18 månader ventar teoretisk heimearbeid, gruppearbeid, førelesingar, presentasjonar, føredrag i plenum og praksis på samling og i klubb. Studiebesøk, evaluering, refleksjon og diskusjonar vil prege utdanninga. – Det blir nok verst for dei som er heime. Det er kone og born som merkar at eg blir mykje borte, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Eirik Bakke går ein hektisk sesong i møte når han neste år debuterer som trenar i eliteserien.

I tillegg til 30 seriekampar, har 38-åringen planar om å fullføre utdanninga som fotballtrenar med UEFA Pro-kurset.

– Det har gått veldig fort, men slik er det når eg plutseleg kastar meg ut i det, seier den tidlegare landslagsspelaren.

18 månader

Sogndal møter onsdag Molde til treningskamp i Rosenes by. På sidelinja står ein trenar som får få år sidan aldri hadde trudd han skulle bli nettopp det.

På to år tok han B- og A-kurset. Etter planen startar Bakke til våren klatringa til topps på trenarpyramiden.

– Først må vi få tidspunkt for når kurset byrjar, så må eg søke og forhåpentlegvis blir eg teken inn. Så går det slag i slag med samlingar, seier han.

Blir mykje vekke

– Det blir hektisk, men må gå for ein periode. Det er noko eg må ha for å vere trenar i Tippeligaen, legg han til.

Det kan bety fleire kampar utan den tidlegare Leeds- og Aston Villa-proffen på sidelinja.

– Det går nok heilt fint. Vi har eit godt team og gode trenarar i Sogndal, som tek over når eg ikkje er der. Men eg håpar eg ikkje går glipp av alt for mykje, seier han.

Står på eigne bein

Om Sogndal hadde spelt eliteseriefotball i år, så kunne ikkje Bakke styrt Sogndal åleine. Berre det å starte på kurset gjer Bakke i stand til å stå på eigne bein som trenar i eliteserien.

– Når vart du klar over at du hadde ein trenar i magen?

– Det er eitt år sidan eg kjende at dersom vi skulle få Sogndal litt på skikk att, og inn att i gamal «Sogndal-ande», så ville eg vere med på det.

Trivast godt i Sogndal

– Før det var eg eigentleg ganske tydeleg på at eg ikkje hadde det. Det kom berre heilt plutseleg. Så får vi sjå kor lenge eg held ut, held Bakke fram. Han har eitt år att av kontrakten med Sogndal.

«Trenar Bakke» tykkjer det er heilt greitt å ikkje vere like attraktiv som «midtbanespelar Bakke» var for nokre år sidan.

– Dei som kjenner meg godt, veit at eg kanskje ikkje tenkjer så veldig mykje lenger enn til i morgon. Men eg er veldig godt nøgd med å vere i Sogndal. Her har vi slått oss til ro, bygt hus og fått ro på livet, avsluttar han.