- Dei tilsette ved asylmottaket gjer ein veldig god jobb innanfor dei rammene vi har, seier dagleg leiar i Innvandrarsenteret, Arild Melvær.
I går høyrde vi at Krisesenteret i Sogn og Fjordane kritiserte Solbakken Asylmottak i Flora for ikkje å gje ein 15 år gamal asylsøkjar frå Iran psykiatrisk hjelp. Dagleg leiar Liv Teigen gjev asylmottaket ein stor del av skulda.
Får tilbod om hjelp
Solbakken asylmottak. Foto©NRK
Arild Melvær er dagleg leiar i Innvandrasenteret som Solbakken Asylmottak er ein del av. Han vil ikkje kommentere denne konkrete saka, men seier på generelt grunnlag at alsylsøkjarar ved mottaket får tilbod om den same psykiatriske hjelpa som andre i Noreg.
- Ikkje god nok hjelp
Det kom også fram i går at den iranske familien og andre asylsøkjarar ved Solbakken meiner dei ikkje får god nok hjelp til daglege gjeremål som til dømes kjøp av busskort og barnepass, og at dei ikkje vert tekne på alvor av mottaket.
Gratis barnehage
Melvær trur grunnen til kritikken er at mange ved mottaket er frustrerte fordi dei har fått avslag på asylsøknadane sine, men meiner det ikkje er noko grunnlag for kritikken.
- Busskort må bebuarane kjøpe sjølv for sine eigne pengar. Men i motsetnad til dei fleste andre asylmottak i Norge, så gir Solbakken gratis norskopplæring til alle dei vaksne bebuarane. Vi ha og oppretta ein barnehage, slik at alle førskulebarn på mottaket får gratis heildagsplass i barnehagen. Så kritikken er urimeleg, seier Melvær.