Hopp til innhold

Avdekte brot hos kvar femte verksemd

Ikkje alle hadde ikkje alt på stell då LO sin sommarpatrulje kom på besøk i sommar.

Øyvind Møller

LOVBROT: Ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, Øyvind Møller, meiner verksemdene kan bli flinkare.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ti kontrollørar har dei siste tre vekene vitja over 200 sommarvikarar hos 114 verksemder i Sogn og Sunnfjord. Heile 25 av verksemdene hadde brote lova.

– At det vert avdekka brot under kvart femte besøk er ikkje godt nok, seier ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, Øyvind Møller.

– Positiv framgang

Brota dei avdekka går på manglande arbeidskontraktar, dårleg opplæring, brot på pausebestemmingar og overtidsreglar.

Men til forskjell frå tidlegare fann dei ikkje tilfelle der liv og helse stod i fare.

– Det er ein positiv framgang. Alt i alt, står det bra til i Sogn og Fjordane, seier han.

Han seier sommarpatruljen ikkje berre er til hjelp for dei unge arbeidstakarane. For leiarane i verksemdene kan dette vere ein viktig korreks, som kan hjelpe dei å unngå kraftige bøter når Arbeidstilsynet har tilsyn.

– Som regel blir me tatt vel i mot. Når vi finn brot, så tek leiarane det på alvor og fiksar det ganske fort. Vi ordnar dei fleste brota på staden, seier Møller.

Blir instruerte til å teie

Han seier dei likevel vil ta nokre av brota vil bli tekne vidare til Arbeidstilsynet og Skattedirektoratet.

– Det er meir graverande brot som går på lønningar og arbeidskontraktar, seier Møller.

Sjølv om det er unnataket, hender det at merkar at dei tilsette har blitt instruerte til å ikkje snakke med dei.

– Slike plassar melder vi direkte til Arbeidstilsynet, seier Møller.

Til saman vart det avdekt 45 lovbrot hos 25 verksemder:

  • 17 mangla kontrakt
  • 3 hadde mangelfull kontrakt
  • 9 hadde fått manglande opplæring
  • 3 av brota gjaldt pausebestemmingar
  • 3 av brota gjaldt overtidsreglar