Dei to mennene vart stoppa under ein rutinesjekk i Rådalen i Bergen tidleg på morgonen i går. Dei er no varetektsfengsla for ranet av fem speleautomatar i Måløy på tysdag, fortel lensmann Norvald Visnes i Fana.
- Det er ikkje vanleg å reise rundt med så mykje mynt på seg. Difor slo politinasen til, seier Visnes.
Stemmer med Måløy-tjuveri
Politinasane slo til i Måløy også. Der hadde tjuvar rana fem pengeautomatar, og beløpet stemde mistenkeleg med myntane dei to austlendingane hadde hatt i bilen, seier politiførstebetjent Tor Sæther.
- Vi har vitne som har sett dei to i Måløy dagen før, fortel Sæter.
Mennene er frå Austlandet og er kjenningar av politiet. Dei vil truleg bli framstilt for varetektsfengsling i dag.