Hopp til innhold

Austerrikarar skal byggje på Filefjell

Den austerrikske entreprenøren Strabag har vunne kontrakten på å byggje E16 Øye – Eidsbru.

Anleggsarbeid på E16 Filefjellet

MEIR ANLEGG: Det blir utanlandske aktørar når arbeidet på Filefjell held fram frå Øye til Eidsbru.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

Selskapet hadde det lågaste av ti tilbod då anbodskonkurransen vart avslutta.

Strabag er den største entreprenørverksemda i Austerrike, og ein av dei største i Europa med sine nær 80 000 tilsette.

– Det var mange gode tilbod, men Strabag vann på lågaste pris. Vi ser fram til eit godt samarbeid med entreprenøren på strekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Entreprenørane som var med i kampen har ti dagar på seg på å klage tildelinga. Arbeidet kan ta til når kontrakten er signert og samhandlingsfasen gjennomført.

Frå før er 11 kilometer med ny veg mellom Borlaug og Smedalsosen. Vegen vart opna i 2014. Framleis føregår det arbeid får Tyinkrysset til St. Thomaskyrkja.

Delstrekninga Øye–Eidsbru er den austlegaste biten på E16 Filefjell. Ny trasé tek av frå eksisterande E16 ca. 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru.